Hopp til hovudinnhald

Andre sentrale fellesløysingar

Finn data om bruk av sentrale fellesløysingar utanfor Digdir.

SvarUt - KS

KS FIKS meldingformidler er ein sentralisert løysing som formidlar dokument mellom avsendar og mottakar via ulike kanalar. Kommunar og andre kan nytta KS FIKS plattform. SvarUt blir nytta for utgåande post, medan SvarInn blir nytta for innkommen post. I 2021 vart det sendt 18,2 millionar meldingar via SvarUt, ei auke på 30 % frå året før.

Einingsregisteret - Brønnøysundregistera

Einingsregisteret er ein oversikt over alle verksemder som er momspliktige, har registrerte tilsette eller er med i Foretaksregisteret. Registeret har òg mange næringsdrivande enkeltpersonføretak, foreningar og andre økonomiske einingar utan registreringsplikt. Einingsregisteret tek vare på nøkkelopplysningar om einingane på vegner av mange andre offentlege register. Dermed slepp den enkelte bedrift å melde i frå om ny adresse og andre endringar til kvar enkelt myndigheit. Einingsregisteret har heimel i einingsregisterlova. 1,8 millardar oppslag vert registrert i 2021, opp 20 % frå 2020.

Folkeregisteret - Skatteetaten

Det sentrale folkeregisteret inneheld data om personar som er fødde og/eller er eller har vore busett i Noreg. Registeret omfattar både busette, utvandra personar og døde. Folkeregisteret er heimla i folkeregisterlova. I 2021 vart det registrert 2459 profesjonelle brukarar, 10 % meir enn året før. Nedgangen frå 2019 til 2020 skuldast kommunesamanslåingar.

Matrikkelen - Kartverket

Matrikkelen er Noregs offisielle eigedomsregister. Registeret inneheld informasjon om eigedomsgrenser, areal, bygningar, bustader og adresser. Matrikkelen har heimel i matrikkellova. I 2021 vart det 16,9 milliardar oppslag i matrikkelen, ei auke på 32 % frå 2020.

Helsenorge.no - Direktoratet for e-helse

Helsenorge leverer tenester og informasjon om helse og rettar til innbyggarar i Noreg. Helsenorge.no er den offentlege nettstaden for innbyggarar i Noreg. Innhaldet vert levert av ulike aktørar i helsesektoren, og det er Norsk Helsenett som har ansvar for drift og utvikling av nettstaden. I 2022 vart det registrert 77,5 millionar innloggingar i sjølvbeteningsløysingar, ei auke på 80 % frå året før. 40 millionar meldingar vart sendt mellom innbyggarar og helsetenesta, ei auke på 153 % frå 2021. (Meldingar vart med i Helsenorge si rapportering fra 2020.)