Hopp til hovudinnhald

Vorbis 1 er eit format for lagring av lyd.

Standarden inngår i følgande bruksområde:

Er Vorbis 1 obligatorisk eller anbefalt?

Gå til bruksområdet som standarden gjeld for, for å finne ut når det er anbefalt og når det er obligatorisk å bruke standarden.

Kort om Vorbis 1

Vorbis er ein moden og utbreidd royaltyfri standard for koding og dekoding av lyd. Vorbis er ikkje eit sjølvstendig filformat, men vert lagra i eit konteinarformat, oftast Ogg, og denne kombinasjonen vert kalla Ogg Vorbis. Avhengig av konteinarformat, kan Vorbis-lyden multipleksast med andre datastraumar, til dømes video og undertekst. Lengda av eit lydspor i Ogg Vorbis er eintydig gitt eksakt lik originalen. Dette er ein motsetnad til MP3 og AAC, der ulike enkodarar legg til ulike lengdar av tilnærma stillheit på start og slutt, som igjen vert handtert ulikt av ulike dekodarar.

Kvifor bruke Vorbis?

Vorbis er anerkjend og vert halden ved like av den ikkje-kommersielle organisasjonen Xiph.org Foundation. Utviklingsprosessen er open, transparent og ikkje-diskriminerande. Standarddokumenta er tilgjengelege gratis, og kan fritt vidareformidlast.

Fakta om standarden

Versjonsnummer: 1, 20.01.04

Type standard: Tapsbasert lydkomprimering

Språk: Engelsk

Organisasjon: Xiph.org