TIFF (Tagged Image File Format)

TIFF er eit format for lagring av bilete, og er ein standard i arkivforskrifta.

Standarden inngår i følgande bruksområde:

Er TIFF obligatorisk eller anbefalt?

Gå til bruksområdet som standarden gjeld for, for å finne ut når det er anbefalt og når det er obligatorisk å bruke standarden.

Kort om TIFF

TIFF er eit filformat som kan nyttast for lagring av punktgrafikk som fotografi, bilete og kart. Formatet handterer bilete i éin farge, gråtonar, samt åtte og 24 bitars farge.

Kvifor bruke TIFF?

Forskrift om utfyllende tekniske og arkivfaglige bestemmelser om behandling av offentlige arkiver § 8-17 beskriv godkjende dokumentformat ved avlevering og deponering. TIFF inngår i denne forskrifta etter arkivfaglege vurderingar.

Fakta om standarden

Versjonsnummer: TIFF versjon 6

Type standard: Fotografi, bilete, kart

Språk: Engelsk

Organisasjon: Adobe Systems