Hopp til hovudinnhald

Theora 1.0 er eit format for komprimering av videospor.

Standarden inngår i følgande bruksområde:

Er Theora 1.0 obligatorisk eller anbefalt?

Gå til bruksområdet som standarden gjeld for, for å finne ut når det er anbefalt og når det er obligatorisk å bruke standarden.

Kort om Theora

Theora er ein fri videokodek som ein del av Ogg-prosjektet. Theora lagrar berre biletdelen av videoen. Lyden vert som regel lagra i Vorbis, men Speex eller FLAC kan også brukast. Det heile vert pakka i eit innkapslingsformat, vanlegvis Ogg. Theora er meint som ein konkurrent til MPEG-4, Windows Media Video, RealVideo, og andre høgkomprimeringskodekar.

Kvifor bruke Theora?

Standarden er anerkjend og vert halden ved like av den ikkje-kommersielle organisasjonen Xiph.org Foundation. Utviklingsprosessen er open, transparent og ikkje-diskriminerande. Dokumenta er tilgjengelege gratis, og kan fritt vidareformidlast.

Fakta om standarden

Versjonsnummer: Theora 1.0 (03.11.08)

Type standard: Tapsbasert videokomprimering

Språk: Engelsk

Organisasjon: Xiph.org