Hopp til hovudinnhald

SOSI inngår i bruksområdet arkivformat, og omhandlar teknikk for geodata.

Standarden inngår i følgande bruksområde:

Er SOSI obligatorisk eller anbefalt?

Gå til bruksområdet som standarden gjeld for, for å finne ut når det er anbefalt og når det er obligatorisk å bruke standarden.

Kort om SOSI

SOSI er eit format utvikla av Statens kartverk for utveksling av geografiske data. Arbeidet med SOSI-standarden har som mål å etablera og halde ved like eit strukturert sett av standardar for informasjon om objekt eller fenomen som er direkte eller indirekte stadfesta. Ein viktig del av SOSI-arbeidet er å utarbeide ein generell objektkatalog som beskriv objekttypar, eigenskapar, forhold, samt eventuelle funksjonar (operasjonar) innanfor ulike fagområde. Dette kan vere utgangspunkt for ein eller fleire produktspesifikasjonar.

Døme på datadefinisjonar som SOSI definerer:

  • standardiserte beskrivingar av geometri og topologi
  • datakvalitet og koordinatsystem
  • metadata rundt geodata

Arbeidsprosessen rundt SOSI er open og vert utført i tråd med retningslinjer og modellar innanfor internasjonal standardisering. Dette er først og fremst standardar utarbeidd i regi av ISO/TC211). Som et ledd i dette arbeidet vil SOSI versjon 4 fokusere på plattformuavhengige modellar spesifisiert i UML (Unified Modeling Language).

Kvifor bruke SOSI?

Forskrift om utfyllende tekniske og arkivfaglige bestemmelser om behandling av offentlige arkiver § 8-17 beskriv godkjende dokumentformat ved avlevering og deponering. SOSI inngår i denne forskrifta etter arkivfaglege vurderingar.

Fakta om standarden

Versjonsnummer: SOSI versjon 4.5 (1. juli 2012)

Type standard: Kart

Språk: Norsk

Organisasjon: Statens kartverk