Ogg

Ogg er eit innkapslingsformat for video og lyd. Dette gjeld for videospor som er koda i Theora 1.0, og lydspor som er koda i Vorbis 1.

Standarden inngår i følgande bruksområde:

Er Ogg obligatorisk eller anbefalt?

Gå til bruksområdet som standarden gjeld for, for å finne ut når det er anbefalt og når det er obligatorisk å bruke standarden.

Kort om Ogg

Ogg (Encapsulation Format Version 0) er eit innkapslingsformat for multimediainnhald. Ogg har støtte for teksting.

Kvifor bruke Ogg?

Ogg vert halde ved like av den ikkje-kommersielle organisasjonen Xiph.org Foundation. Utviklingsprosessen er open, transparent og ikkje-diskriminerande. Standarddokumenta er tilgjengelege gratis, og kan fritt vidareformidlast.

Fakta om standarden

Versjonsnummer: Ogg Version 0, mai 2003

Type standard: Innkapslingsformat

Språk: Engelsk

Organisasjon: Xiph.org