MP4 (MPEG-4 Part 14)

MP4 er eit innkapslingsformat for lyd og video. Dette gjeld for videospor som er koda i H.264 og lydspor som er koda i AAC.

Standarden gjeld for følgande bruksområde:

Er MP4 obligatorisk eller anbefalt?

Gå til bruksområdet som standarden gjeld for, for å finne ut når det er anbefalt og når det er obligatorisk å bruke standarden.

Kort om MP4

MP4 (MPEG-4 Part 14) er eit innkapslingsformat for multimediainnhald spesifisert som ein del av MPEG-4 familien. I tillegg til å innkapsle lyd og video, kan dette formatet innehalde stillbilete og teksting. MP4 er godt eigna for streaming på internett.

Kvifor bruke MP4?

Standarden er eit anerkjend innkapslingsformat som vert halde ved like av ein ikkje-kommersiell organisasjon (ISO). Utviklingsprosessen er open, transparent og ikkje-diskriminerande. Standarddokumenta er tilgjengelege mot avgift, men kan ikkje vidareformidlast. Det er knytt patentar med royaltykrav til standarden.

Fakta om standarden

Versjonsnummer: ISO/IEC 13818-7:2006

Type standard: Tapsbasert lydkomprimering

Språk: Engelsk

Organisasjon: ISO/IEC