Hopp til hovudinnhald

JPEG er ein standard for tapsbasert komprimering av bilete.

Er JPEG obligatorisk eller anbefalt?

Gå til bruksområda som standarden gjeld for, for å finne ut når det er anbefalt og når det er obligatorisk å bruke standarden.

Kort om JPEG

JPEG er den mest utbreidde standarden for tapsbasert komprimering av bilete, og vert støtta av alle vanlege nettlesarar. Dette biletformatet bruker ein komprimeringsmetode med kvalitetstap for å redusere filstorleik. Formatet er derimot ikkje eigna for geometriske design og teikningar med skarpe kantar.

Kvifor bruke JPEG?

Standarden er anerkjend, og vert vedlikehalden av ein ikkje-kommersiell organisasjon (ISO). Utviklingsprosessen har vore open, transparent og ikkje-diskriminerande. Dei offisielle standarddokumenta er tilgjengelege mot avgift, men kan ikkje fritt vidareformidlast. Standarden er omfatta av patentar, men det vert ikkje kravd royalties.

Fakta om standarden

Versjonsnummer: ISO/IEC 10918-1:1994

Type standard: Tapsbasert biletformat
Dokumentformat innskanna

Språk: Engelsk

Organisasjon: ISO/IEC