GIF v89a (Graphics Interchange Format)

GIF er eit format for tapsfri komprimering av bilete.

Obligatorisk eller anbefalt?

Det er bruksområdet som definerer om standarden er obligatorisk eller anbefalt.

Sjekk bruksområde:

Kort om GIF

GIF v89a (Graphic Image Format) er ein særs utbreidd standard for tapsfri komprimering av bilete, men har på grunn av sin alder tekniske avgrensningar, til dømes ein særs avgrensa fargepalett. Denne avgrensninga gjer GIF-formatet mindre eigna for fargefotografi og andre bilete med kontinuerlege fargar. Formatet er derimot godt eigna for enkle bilete som grafikk eller logoar.

Kvifor bruke GIF?

I motsetnad til PNG vert GIF støtta fullt ut av alle vanlege nettlesarar. Standarden er utvikla gjennom lukka prosessar, men er seinare anerkjend av W3C. Standarddokumenta er gratis tilgjengelege. GIF er ikkje lenger omfatta av patentar.

Fakta om standarden

Versjonsnummer:GIF v89a: 1990

Type standard: Tapsfritt biletformat

Språk:Engelsk

Organisasjon: W3C