Hopp til hovudinnhald

Digitaliseringsdirektoratet arbeider for å auke bruken av eInnsyn i fylkes- og kommunesektoren.

01. mars 2020
Illustrasjonsbilde fra kontormiljø

eInnsyn er ei offentleg fellesløysing for innsyn og openheit.

eInnsyn er ei allment tilgjengeleg publiseringsteneste for postjournalar i kommunale, fylkeskommunale og statlege organ og for møter og utval i fylkeskommunale og kommunale organ. Offentlege verksemder publiserer postjournalar og møte- og utvalsdata på eInnsyn, der innbyggaren får tilgang til å søke og bestille innsyn i dokumenter. Dei offentlege verksemdene kan legge ved lenke til fulltekstpubliserte dokument i journalposten eller møtet som dokumentet høyrer til.

Formålet med eInnsyn er å gjere offentleg forvalting open og lettare tilgjengeleg.

Styringsrådet får viktig rolle

I midten av februar vart første styringsrådet for eInnsyn gjennomført. Styringsrådet er eit rådgivande organ i viktige saker knytta til fellesløysinga, til dømes vidareutvikling og større endringar i løysinga. Styringsrådet for eInnsyn består mellom anna av representantar frå statlege kundar, kommunale- og fylkeskommunale kundar og vert leia av Digitaliseringsdirektoratet.

- Styringsrådet kjem til å ha ei viktig rolle for Digitaliseringsdirektoratets arbeid med ny produktstrategi og for å auke bruken av eInnsyn i fylkes- og kommunesektoren, seier Stein Magne Os som er produktsjef for eInnsyn i direktoratet.

Ny prismodell

For statlege kundar omfatta av offentlegforskrifta §6, er bruk av eInnsyn framleis sentralfinansiert. Kommunar og fylkeskommunar betalar for bruken av eInnsyn. Les meir om den nye prismodellen for eInnsyn.

Oppdatering av bruksvilkår

I samband med at ein no åpnar for bruk av eInnsyn for kommunal sektor har ein gjort oppdatering i bruksvilkåra for eInnsyn. Bruksvilkåra utgjer avtaleverket mellom Digitaliseringsdirektoratet og kundar som nyttar fellesløysinga.

Foto frå møtet i styringsrådet for eInnsyn
Det nye styringsrådet for eInnsyn hadde sitt første møte i februar.
Foto: Digitaliseringsdirektoratet

Kontakt

Stein Magne Os

Fagdirektør, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: +47 90 08 95 66