Hopp til hovudinnhald

E-bøker gjeld publisering eller sending av store dokument der informasjonen vert publisert eller sendt som ei e-bok.

Anbefalt standard

Bruk standarden og formatet EPUB 3.0 ved publisering eller sending som e-bok. Vi anbefaler å publisere og sende store dokument som e-bok i tillegg til gjeldande standardar for tekstdokument.

Krava på dette bruksområdet endrar ikkje krava som gjeld for dokumentformat når verksemda di publiserer tekst på offentlege nettsider, eller utvekslar tekstleg innhald på e-post. Det vil derfor i nokre tilfelle vere nødvendig å publisere og sende på to ulike format i parallell.

Dokument laga i EPUB er dynamiske. Det inneber at teksten vert tilpassa preferansane til lesaren, slik som skjermstørrelse, oppløysing og fontstorleik. Det er derfor ikkje fast tal på sider i dokumenta.

Om eit dokument skal publiserast eller sendast i parallell på EPUB-formatet bør avgjerast ut frå eit brukarperspektiv. Er det eit større dokument, med lang tekst eller fleire kapittel, der du ventar at brukarane vil nytte ulike plattformar (til dømes nettbrett, lesebrett, smarttelefon) for lesing – bør du nytte EPUB i tillegg til gjeldande dokumentformat.

Unngå DRM (norsk: DRA)

Heimel

Kravet er gjeldande. Innført 30.10.2012.

Rettleiar

Førebels finst det ingen rettleiarar for dette.

Aktuelle standardar