AAC (Advanced Audio Coding)

AAC er ein lydkompresjonsstandard og skal ved publisering av multimediainnhold nyttast som lydspor ved bruk av video innkapsla i MP4.

Standarden gjeld for følgjande bruksområde:

Er AAC obligatorisk eller anbefalt?

Gå til bruksområda som standarden gjeld for, for å finne ut når det er anbefalt og når det er obligatorisk å bruke standarden.

Kort om AAC

AAC er i stand til å komprimere lyd effektivt og i høg kvalitet. Formatet er ein del av MPEG-4 (Part 3) og er støtta i ei rekkje mediaavspelarar.

Kvifor bruke AAC?

AAC er ein moden og utbreidd lydkompresjonsstandard. Den har ei betre attgjeving av lyd enn eldre format (som MP3). For publisering av video med høg kvalitet skal denne standarden nyttast saman med H.264 for videosporet, innkapsla i MP4. Standarden er anerkjend og vert halden ved like av ein ikkje-kommersiell standardiseringsorganisasjon (ISO). Utviklingsprosessen er open, transparent og ikkje-diskriminerande. Standarddokumenta er tilgjengelige mot avgift. Standarden er open og plattformuavhengig.

Fakta om standarden

Versjonsnummer: ISO/IEC 13818-7:2006

Type standard: Tapsbasert lydkomprimering

Språk: Engelsk

Organisasjon: ISO/IEC