Hopp til hovudinnhald

eIDAS-konferansen 2026 Velkommen til Sogndal, bygda mellom fjord og fjell

Les meir om Sogndal, reiseinformasjon, attraksjonar og aktivitetar, restaurantar, overnatting og praktisk informasjon.

Oversiktsfoto over Sogndal
Tettstaden Sogndal ligg ved Sognefjorden, Norges lengste og djupaste fjord. Sogndalsfjøra er eit handelssenter i regionen og er omgitt av storslått natur.
Foto: Malin Øvrebø/Digdir

    Korleis komme seg til Sogndal?

    Sogndal lufthamn Haukåsen ligg berre 20 minutt frå Sogndal sentrum. Ein flytur frå Oslo eller Bergen er difor den raskaste måten å komme seg til Sogndal på. Ønsker du ein litt meir spektakulær reiseveg kan vi anbefale togturen gjennom Hallingdal og ned Flåmsbana, avslutta med ein busstur til Sogndal. Kjem du frå Bergen er også båtturen inn gjennom heile Sognefjorden å anbefale.

    Reise til og frå Sogndal Lufthamn

    • Frå Sogndal Lufthamn går det flybuss til Sogndal skysstasjon, tvers over gåta frå Quality Hotel Sogndal. Dette er den enklaste måten å komme seg til og frå flyplassen på.
    • Flybussen går alltid frå flyplassen i passe tid etter at eit fly har lande. Frå Skysstasjonen går den ca 1:20 før avgang. Sjekk entur.no for rutetider.

    Frå Oslo:

    • Fly til Sogndal Lufthamn Haukåsen med Wideroe (45 min flytur)
    • Tog med Bergensbana og Flåmsbana. Buss frå Flåm til Sogndal (7t)
    • Buss frå Oslo til Sogndal (6,5t)

    Frå Bergen:

    • Båt langs Sognefjorden (5 t)
    • Fly til Sogndal Lufthamn Haukåsen med Wideroe (30 min flytur)
    • Tog med Bergensbanen og Flåmsbana. Buss frå Flåm til Sogndal (5t)
    • Buss frå Bergen til Sogndal (5t)

    Overnatting

    Konferansen går av stabelen på Quality Hotel Sogndal midt i sentrum. Vi tilrår difor overnatting her. Det er reservert eit antal hotellrom til avtalepris på konferansehotellet. Avtalepris er kr. 1.590,- pr natt. Rom kan bestillast her.

    Spise og drikke

    Under konferansen et vi godt på Quality Hotel Sogndal. Blir du lenger i området kan vi tilrå følgande kafear og restaurantar i gangavstand frå hotellet:

    • Vågal Burger & Gin (ligg i tilknytning til konferansehotellet)
    • La Pergola (i tilknytning til konferansehotellet)
    • Restauranthuset Malin (asiatisk)
    • Det Gule Huset (kafé og bakevarer)

    Kva kan ein finne på i Sogndal sentrum?

    Kva friluftsaktivitetar finn du i Sogn?

    • Sogndal er kjent for snø og fjell i verdsklasse. I mars er Sogndalsdalen på sitt beste, og det finns ein rekkje toppturmoglegheiter kunn ein kort køyretur frå hotellet.

    • Femten minutt frå hotellet finn du Sogndal skisenter, med både tilbod for alpint og langrenn. Hyperlink på «Sogndal skisenter» - https://www.sogndalskisenter.no/

    • Sogndal sentrum er omringa av bratte fjell og djupe fjordar. Om du har med joggesko finns fleire bratte og flate joggeturar, enten du likar å løpa på asfalt eller sti. Onsdag morgon kan du bli med på guida løpetur langs fjorden. Oppmøte utanfor hotellresepsjonen kl 0700

    Har du praktiske spørsmål om ditt opphald i Sogndal, kva ein kan finne på, eller skimoglegheitar, ta kontakt med Bård Basberg.

    Foto av Loftesnesbrui i Sogndal
    Kjem du til Sogndalsfjøra langs vegen frå aust, kryssar du Loftesnesbrui som vart opna i 2018.
    Foto: Are Kvistad/Digdir

    Kontakt

    Bård Lorens Hage Basberg

    Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
    Telefon: 91 14 26 85

    Are Kvistad

    Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
    Telefon: 47 80 79 10