Velkomen til fagseminar med utdeling av klarspråksprisane. Vi feirar den internasjonale klarspråksdagen med å dele ut klarspråksprisane! Høyr korleis den beste kommunen og det beste statsorganet arbeider med klarspråk i ei tid med knappe budsjett, utvikling av kunstig intelligens og urolege forhold i verda.
Ro! I år har Slottsplassen vore ein scene for jubel og glede under Fotball-VM, og for sorg og medkjensle i samband Kong Haralds bortgang. Rundt om i verda er det auka polarisering, framandgjering og eit gap mellom menneske og system. Kva slags retoriske grep samlar folket, spør retorikar Kjell Terje Ringdal.
Klarspråk er peikt ut som eit viktig verktøy for innbyggjaranes tillit til styresmaktene. Benedikte Bakkeby Øverland frå Direktoratet for forvaltning og økonomistyring vil fortelja meir om kva som skal til for at innbyggjarane har tillit til det offentlege, og om korleis ein arbeider med dette i Europa og OECD.
Program
Frå kl 08.30 er det enkel servering, kaffi og te.
Programmet og sendinga startar kl. 09.00
- Velkomen ved Kim Gulbrandsen, kommunikasjonsdirektør i Digdir
- Fellesskapets retorikk, opningsinnlegg ved Kjell Terje Ringdal, retorikar ved Høyskolen Kristiania og foredragshaldar
- Prisutdeling ved statssekretær Marianne Wilhelmsen, Digitalsierings- og forvaltningsdepartementet
- Faglege innlegg: Lær av vinnarane
- Klarspråk er meir enn å skrive forståeleg – det skaper tillit. Når innbyggjarane forstår informasjonen dei får, blir møtet med det offentlege enklare og betre. Innbyggjarundersøkinga til DFØ viser at tilfredsheit med offentlege tenester heng tett saman med tilliten til offentleg forvaltning, ved Benedikte Bakkeby Øverland, seniorrådgivar i DFØ
Programmet og den digitale sendinga sluttar klokka 11, og for dei som deltek fysisk blir det servert ein lett lunsj.
Arrangementet er eit samarbeid mellom Språkrådet, KS og Digitaliseringsdirektoratet.