Digitalisering for alle?
Alle private og offentlege verksemder må frå 1. juli 2014 legge til rette for at nettsidene og automatane deira er tilgjengelege for flest mogeleg. Svært mange skal følgje det nye regelverket til universell utforming av IKT, opp til 80 000 verksemder. Daglegvarehandel er den største gruppa reglane gjeld, deretter offentleg administrasjon og helse. Kjennskapen til dei nye reglane er enno låg.