Avvik etter tilsyn med nettstaden til Nav
Tilsynet i Digdir gir Nav pålegg om retting etter at det er avdekka tre avvik på Nav sin nettstad. Avvika gjeld skjema, koding og navigasjon. Nav bryt likestillings- og diskrimineringslova, og sikrar ikkje at søknadsskjemaet for foreldrepengar er mogleg å bruke for alle.