Hopp til hovudinnhald

Dei europeiske landa har høge ambisjonar på digitaliseringsfeltet i åra framover. Norge er med i EU-programma Horisont Europa og DIGITAL, noko som opnar for store utviklingsmulegheiter for offentlege og private verksemder her heime.

Portrett av Steffen Sutorius
Steffen Sutorius var direktør i Digdir i perioden 2016-2022.
Foto: Khan Le/Digdir

– Eg er sikker på at vi gjennom samarbeidet med EU kan skape løysingar som har nasjonal verdi for oss. Samtidig er det slik at vi stiller med den fremste kompetansen på fleire område som EU vil kunne dra nytte av, og det vil også vere til fordel for digitaliseringsarbeidet her til lands, seier direktør Steffen Sutorius i Digitaliseringsdirektoratet.

Han siktar for eksempel til kompetansen Norge har på elektronisk identitet (eID) og nasjonale fellesløysingar.

Før sommaren varsla EU-kommisjonen at dei vil utvikle og innføre ein ny digital identitet – ei digital lommebok – for alle borgarar. Den digitale lommeboka vil sette den enkelte innbyggar betre i stand til å verne om eigne personlege data, samtidig som det vil opne for enklare samarbeid, handel og informasjonsutveksling over landegrensene.

– Mykje av tankegodset og kompetansen som ligg til grunn for den nye lommeboka er forankra i norske fagmiljø. Difor er det spennande å sjå kva vi kan få ut av samarbeidet med EU gjennom forskingsprogrammet Horisont Europa, og ikkje minst EUs nye digitaliseringsprogram DIGITAL. Det siste handlar om å ta i bruk teknologien for å få gjennomslag for den digitale transformasjonen, seier Sutorius.

Gjensidig nytte

– Den nye digitale lommeboka frå EU er eitt eksempel der vi vil sjå gjensidig nytte på tvers av grensene. Og vi har sett før at det er stor utviklingskraft når EU bestemmer seg. Eit levande eksempel på det er innføringa av GDPR-regelverket som i dag er ein viktig standard for personvern, seier Sutorius.

Koordineringa av Norge si deltaking i DIGITAL er delt mellom Digdir, Innovasjon Norge og Forskningsrådet. Nettopp spørsmålet om kva digitaliseringsinnsatsen i EU kan bety er tema på Nokios-konferansen denne veka. Da skal Sutorius delta i ein panelsamtale med adm. direktør Håkon Haugli i Innovasjon Norge og områdedirektør Jesper Werdelin Simonsen i Forskningsrådet.

Høg kompetanse på eID

Knytta til paneldiskusjonen på Nokios deltek også fagdirektør Tor Alvik frå Digdir. Han har i ei årrekke vore sentral i utviklinga av digitale fellesløysingar og spesielt eID-løysingar for offentleg sektor.

Alvik er involvert i internasjonale prosjekt og program både i EU og Norden, og arbeider med rammene for digitalisering i Norge og utvikling av tenester på tvers av landegrensene.

Kontakt

Steffen Sutorius

Direktør, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: +47 93 06 84 59