Fagleg arena for informasjonsforvaltning er ein fast møteplass for dei med interesse for problemstillingar knytt til arbeid med informasjonsforvaltning. Dette er digitale møte der vi legg vi opp til at deltakarane kan stille spørsmål og dele historiar og erfaringar. Møta er opne for alle.
I møtet, onsdag 23. september, hadde vi følgjande tema:
09:00 – 10:00 «Felles omgrep som ressurs i KI-alderen»
Digitaliseringa av samfunnet stiller nye krav til arbeidet med omgrep og terminologi. For at vi skal kunne utveksle data og nytte digitale tenester, treng vi omgrepsdefinisjonar som er tilgjengelege for både menneske og maskin.
Ann-Helen Langaker frå Språkrådet innleier dette innlegget før Ivo Spira frå Standard Norge fortel oss om terminologiarbeid innan standardisering og presenterer termbasen Termlex.
Skriv gjerne i Datalandsbyen om de har spørsmål til innleiarar eller forslag til tema for Fagleg arena, så tek vi med oss innspela vidare:
23.09.2026 Fagleg arena for datadeling og informasjonsforvaltning | Datalandsbyen