Fagleg arena for informasjonsforvaltning er ein fast møteplass for dei med interesse for problemstillingar knytt til arbeid med informasjonsforvaltning. Dette er digitale møte der vi legg vi opp til at deltakarane kan stille spørsmål og dele historiar og erfaringar. Møta er opne for alle.
I det neste møtet, onsdag 22. april, har vi følgjande tema:
09:00 – 10:00 «KI for leiarar: kvifor omgrepsarbeid er grunnlaget for kunstig intelligens»
Alle snakkar om KI, men få snakkar om kva som må på plass først. I dette innlegget ser vi på samanhengen mellom omgrepsforvalting, kunnskapsrepresentasjon og kunstig intelligens. Kva skjer når KI nyttar tvetydige omgrep?
Innlegget er retta mot leiarar som ønskjer å forstå kva som krevst organisatorisk – ikkje teknisk – for å lukkast med KI.
Presentert av Veronika Heimsbakk, Data Treehouse
Nøkkelpunkter:
• KI-modellar er avhengige av strukturert kunnskap for å gje presise svar, ikkje berre tekst
• Vegen frå data til innsikt krev medvite arbeid med omgrep, definisjonar og relasjonar
• Standardar som SKOS-AP-NO, CPSV-AP-NO og EUs Core Vocabularies gjev oss verktøya
• EU (og Noreg) stiller konkrete krav
• Omgrepsforvalting er eit leiaransvar, ikkje eit teknisk prosjekt
Vi gjer merksame på at det blir gjort videopptak av møta. Deltakarane kjem med på opptaket berre når ein sjølv aktiverer eigen mikrofon eller kamera.
Skriv gjerne i Datalandsbyen om de har spørsmål til innleiarar eller forslag til tema for Fagleg arena, så tek vi med oss innspela vidare:
22.04.2026 Fagleg arena for datadeling og informasjonsforvaltning | Datalandsbyen