Fagleg arena for informasjonsforvaltning er ein fast møteplass for dei med interesse for problemstillingar knytt til arbeid med informasjonsforvaltning. Dette er digitale møte der vi legg opp til at deltakarane kan stille spørsmål og dele historiar og erfaringar. Møta er opne for alle.
I dette møte har vi følgjande tema:
09:00 – 10:00 «Korleis gjere forsking på terminologi relevant for datadeling og informasjonsforvaltning i Noreg?»
Det nyetablerte Senter for norsk fagspråk ved Universitetet i Bergen har fått midlar frå Forskingsrådet til å drive forsking dei neste åtte åra.
Ei av arbeidspakkene ved senteret vil dreie seg om fagspråk og terminologi.
Vi ønskjer å sjå nærare på ulike problemstillingar knytte til terminologi i datadeling og informasjonsforvaltning i offentleg sektor i Noreg. Føremålet er at forskinga skal vere relevant og ta utgangspunkt i faktisk kunnskapsbehov.
Senteret ønskjer difor å gjere ei kartlegging av kva for sider ved terminologi offentleg sektor oppfattar som særleg relevante.
Med andre ord: Kvar trykkjer skorne? Kva bør det forskast på?
Det kan dreie seg om tema som innhald, struktur, språk, forvaltning, roller, prosessar, kvalitet, modning osv.
Vi vil presentere korleis vi tenkjer å gjennomføre denne behovsanalysen, og ønskjer å få innspel frå alle som arbeider med terminologi innanfor datadeling og informasjonsforvaltning.
Du kan lese meir om arbeidet på denne nettsida. Her finn du òg eit skjema der du kan kome med innspel til kartlegginga etter dette møtet
Presentert av Marita Kristiansen, førsteamanuensis og senterleiar ved Fagspråksenteret, og Ole Kristian Våge, førsteamanuensis II
Vi gjer merksame på at det blir gjort videopptak av møta. Deltakarane kjem med på opptaket berre når ein sjølv aktiverer eigen mikrofon eller kamera.
Skriv gjerne i Datalandsbyen om de har spørsmål til innleiarar eller forslag til tema for Fagleg arena, så tek vi med oss innspela vidare: 18.03.2026 Faglig arena for datadeling og informasjonsforvaltning | Datalandsbyen