Fagleg arena for informasjonsforvaltning er ein fast møteplass for dei med interesse for problemstillingar knytt til arbeid med informasjonsforvaltning. Dette er digitale møte der vi legg opp til at deltakarane kan stille spørsmål og dele historiar og erfaringar. Møta er opne for alle.
I det neste møtet har vi følgjande tema:
09:00 – 10:00 «Kva om informasjon frå eit Fagleg arena-møte var søkbart med ein gong?»
Opptak frå Fagleg arena og andre forum inneheld mykje nyttig kunnskap for mange. Opptaka er lite tilgjengelege og er tidkrevjande å gå gjennom i videoformat. Kan KI vera til hjelp på dette området?
Steinar Skagemo frå Brønnøysundregistera fortel innleiingsvis litt om verdien av denne typen fagforum. Deretter tek Adi Dahl og Dirk Lammering frå Digdir oss gjennom ein presentasjon/demo av ein test dei har gjort blant eit par av dei tidlegare opptaka våre.
Vi gjer merksame på at det blir gjort videopptak av møta. Deltakarane kjem med på opptaket berre når ein sjølv aktiverer eigen mikrofon eller kamera.
Skriv gjerne i Datalandsbyen om de har spørsmål til innleiarar eller forslag til tema for Fagleg arena, så tek vi med oss innspela vidare: Fagleg arena for datadeling og informasjonsforvaltning 10.12.2025 | Datalandsbyen
Vel møtt!