Fagleg arena for informasjonsforvaltning er ein fast møteplass for dei med interesse for problemstillingar knytt til arbeid med informasjonsforvaltning. Dette er digitale møte der vi legg opp til at deltakarane kan stille spørsmål og dele historiar og erfaringar. Møta er opne for alle.
I det neste møtet har vi følgjande tema:
09:00 – 10:00 «Frå dokumentasjonsforvaltning til informasjonsforvaltning - visjonar for ei verd utan Noark»
Om:
- Oslo kommune sitt arbeid med generisk kravspesifisering av innebygd arkivering for fagsystem i kommunen.
- Aktiviteten inn i arbeidet med Målbilete for innebygd arkivering for kommunal sektor.
- Rransformasjonen frå arkiv og dokumentasjonsforvaltning inn i autoritative data og informasjonsforvaltning.
Presentert av Olav Sataslåtten, fagsystemkoordinator i Oslo byarkiv, Oslo kommune
Vi gjer merksame på at det blir gjort videopptak av møta. Deltakarane kjem med på opptaket berre når ein sjølv aktiverer eigen mikrofon eller kamera.
Skriv gjerne i Datalandsbyen om de har spørsmål til innleiarar eller forslag til tema for Fagleg arena, så tek vi med oss innspela vidare: Fagleg arena for datadeling og informasjonsforvaltning 03.12.2025 | Datalandsbyen
Vel møtt!