Hopp til hovudinnhald
Emner:
  • Datadeling
  • Informasjonsforvaltning
Tid:
Onsdag 24. september kl. 09:00 – 10:00, 2025
Stad:
Digitalt møte

Fagleg arena for informasjonsforvaltning er ein fast møteplass for dei med interesse for problemstillingar knytt til arbeid med informasjonsforvaltning. Dette er digitale møte der vi legg opp til at deltakarane kan stille spørsmål og dele historiar og erfaringar. Møta er opne for alle.

I det neste møtet har vi følgjande tema:

09:00 – 10:00 «Frå metadata-jungel til intelligent datasøk»
Korleis finne raskare fram i tusenvis av variablar – utan å gå seg vill i datakatalogar? Med ny teknologi og relativt enkle grep har KUDAF-teamet gitt søkjefunksjonen «superkrefter» med KI. I dette innlegget viser vi korleis naturleg språk gjer data enklare å finna, og viktigheita av gode metadata.

Presentert av Per Hovde, Rolf Anders Storset og Johannes Klev

Vi gjer merksame på at det blir gjort videopptak av møta. Deltakarane kjem med på opptaket berre når ein sjølv aktiverer eigen mikrofon eller kamera.

Skriv gjerne i Datalandsbyen om de har spørsmål til innleiarar eller forslag til tema for Fagleg arena, så tek vi med oss innspela vidare: Fagleg arena for datadeling og informasjonsforvaltning 24.09.2025 | Datalandsbyen

Vel møtt!

Kontakt

Terje Bertelsen

Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: 99 41 40 09