Hopp til hovudinnhald
Emner:
  • Datadeling
  • Informasjonsforvaltning
Tid:
Onsdag 17. september kl. 09:00 – 10:00, 2025
Stad:
Digitalt møte

Fagleg arena for informasjonsforvaltning er ein fast møteplass for dei med interesse for problemstillingar knytt til arbeid med informasjonsforvaltning. Dette er digitale møte der vi legg opp til at deltakarane kan stille spørsmål og dele historiar og erfaringar. Møta er opne for alle.

I det neste møtet har vi følgjande tema:

09:00 – 10:00 «Samanhengande tenester for barn og unge»
«Digdir har nyleg levert ein søknad til Medfinansieringsordningen saman med KS, KS Digital, Statsforvalteren og fleire andre partnarar. Vi vil orientere om bakgrunn og planar for dette ambisiøse tiltaket. Formålet er å etablere eit felles fundament for samarbeid og kunnskap om det vi har kalla "datadrevet tenesteutvikling for sømløse brukarreiser" på tvers av forvaltningsnivå og sektorar, med pilotering ut frå området barn og unge – frå barnehage til høgare utdanning. Igjennom praktisk utprøving og kompetansebygging skal prosjektet leggje grunnlag for at felles fundamentet er mode og kjent, slik at det blir brukt og bygt vidare på, også på andre område. Prosjektet vil byggje på eksisterande erfaringar og eit utstrakt samarbeid om datadeling og samanhengande tenester i offentleg sektor»

Presentert av Sidsel Nordhagen fra KS Digital, Erik hagen fra Digdir og Trond Magnus Sevre fra Novari

Vi gjer merksame på at det blir gjort videopptak av møta. Deltakarane kjem med på opptaket berre når ein sjølv aktiverer eigen mikrofon eller kamera.

Skriv gjerne i Datalandsbyen om de har spørsmål til innleiarar eller forslag til tema for Fagleg arena, så tek vi med oss innspela vidare: Faglig arena for datadeling og informasjonsforvaltning 17.09.2025 | Datalandsbyen

Vel møtt!

Kontakt

Terje Bertelsen

Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: 99 41 40 09