Fagleg arena for informasjonsforvaltning er ein fast møteplass for dei med interesse for problemstillingar knytt til arbeid med informasjonsforvaltning. Dette er digitale møte der vi legg opp til at deltakarane kan stille spørsmål og dele historiar og erfaringar. Møta er opne for alle.
I det neste møtet har vi følgjande tema:
09:00 – 10:00 «Kan KI hjelpe oss med å lage offentlege digitale tenester?»
«Altinn testar ut KI-assistert generering av digitale skjema i den nye tenesteutviklingsplattforma Altinn Studio. Først ein demo så eit etterfølgjande innlegg knytt til kva føresetnadar som må vere på plass rundt datalaget med tanke på kvalitet og dokumentering»
Presentert av Nora Laeskogen, Simen Waitz, Nina Kylstad og Kjersti Stenerud Steien, Digdir
Vi gjer merksame på at det blir gjort videopptak av møta. Deltakarane kjem med på opptaket berre når ein sjølv aktiverer eigen mikrofon eller kamera.
Skriv gjerne i Datalandsbyen om de har spørsmål til innleiarar eller forslag til tema for Fagleg arena, så tek vi med oss innspela vidare: Fagleg arena for datadeling og informasjonsforvaltning 10.09.2025 | Datalandsbyen
Vel møtt!