Fagleg arena for informasjonsforvaltning er ein fast møteplass for dei med interesse for problemstillingar knytt til arbeid med informasjonsforvaltning. Dette er digitale møte der vi legg opp til at deltakarane kan stille spørsmål og dele historiar og erfaringar. Møta er opne for alle.
I det neste møtet har vi følgjande tema:
09:00 – 10:00 «Korleis får ein oversikt over alle datakjeldene i ein stor og kompleks organisasjon – samtidig som ein oppfyller både nasjonale og internasjonale forpliktingar?»
«Eininga Data, innsikt og analyse ved Data Governance i Statens vegvesen har utvikla ein MVP for kartlegging av datakjelder. Samtidig har fleire andre divisjonar starta prosjekt under paraplyen Orden i eige hus. No står vi overfor oppgåva å samordne desse prosessane og røre oss mot innkjøp av ei felles datakatalogløysing som passar inn i eit kompleks systemlandskap med eksisterande katalogar og dataportalar.
Ute Brönner og Hilde Austlid frå Statens vegvesen deler erfaringar med eit konkret døme frå Dataportalen, og inviterer til ein diskusjon om:
- Korleis engasjere og koordinere interessentar på tvers av ein stor organisasjon?
- Korleis sikre samspill mellom nye løysingar, eksisterande verktøy og nasjonale/internasjonale plattformer?
- Korleis gjere «orden i eige hus» til ein praktisk og verdifull prosess?
- Korleis kan vi samarbeide på tvers av etatar, organisasjonar og selskap?
Erfaringar frå KUDAF sitt MVP Etatskartleggeren blei presentert tidlegare. Korleis kan desse initiativa bidra til eit heilskapleg løp mot innkjøp av katalogløysingar?
Vi gjer merksame på at det blir gjort videopptak av møta. Deltakarane kjem med på opptaket berre når ein sjølv aktiverer eigen mikrofon eller kamera.
Skriv gjerne i Datalandsbyen om de har spørsmål til innleiarar eller forslag til tema for Fagleg arena, så tek vi med oss innspela vidare: Faglig arena for datadeling og informasjonsforvaltning 20.08.2025 | Datalandsbyen
Vel møtt!