Fagleg arena for informasjonsforvaltning er ein fast møteplass for dei med interesse for problemstillingar knytt til arbeid med informasjonsforvaltning. Dette er digitale møte der vi legg opp til at deltakarane kan stille spørsmål og dele historiar og erfaringar. Møta er opne for alle.
I det siste møtet før sommaren, har vi følgjande tema:
09:00 «Status for norsk deltaking i EUs felles dataområde» *
Med bakgrunn i Digitaliseringsstrategien har Digdir sin arbeidsgruppe for Data Spaces gjennomgått tilgjengelege data over norsk deltaking i European Common Data Spaces. Første del av presentasjonen gir ein kvantitativ gjennomgang av alle europeiske Data Spaces, norske aktørar og tilgjengelege finansieringskjelder.
Deretter blir det gitt ei kvalitativ vurdering/hypotesar av kva faktorar som har mogleggjort eller kravd deltaking, og dessutan innsikt i kva som kan hindra deltaking. Presentert av Odd Arne Sætervik og Ragnar Brevik, Digdir
Tett følgt av presentasjonen:
«Standardar sikrar interoperabilitet»
SN/K 631 – i tett samarbeid med den nye europeiske komiteen CEN/CLC JTC 25 – ser vi på kva felles reglar som trengst for sikre, trygge og samanhengande datarom.
Presentert av Stefan Bæk Jensen, prosjektleder Standard Norge
Til slutt vil vi gjerne høyre synspunkta til møtedeltakarane, forslag til vidare oppfølging og behov som bør prioriterast nasjonalt.
10:00 «Automatisert omsetjing av datasettbeskrivingar til data.norge.no»
I dag krev publisering av datasettbeskrivingar til data.norge.no kjennskap til RDF, noko som kan vere eit hinder for mange verksemder som ønskjer å publisere til metadatakatalogen. Denne våren har eg samarbeidd med teamet bak for å framstille eit automatisert verktøy for omsetjing av datasettbeskrivingar frå CSV til RDF. Målet med prosjektet har vore å senke terskelen for publisering til metadatakatalogen ved å tilby moglegheita for å skrive datasettbeskrivingar i CSV/Excel.
Presentert av Kristiane Skogvang Kolshus
* European Common Data Spaces blei lansert som konsept i EU-kommisjonens European Data Strategy (2020). Behovet for europeisk datasuverenitet og innovasjonskraft var sentrale motiv. Visjonen var å etablere sikre og sektorbaserte miljø for datadeling på tvers av medlemsland. Med reguleringar som Data Governance Act (2021) og Data Act (2024) har EU utvikla eit juridisk rammeverk som skal sikre rettferdig tilgang til data og verne rettane til brukarane. Fleire spesifikke dataområde-initiativ, som innan helse, energi, transport og industri, er no under utvikling for å støtte ein berekraftig og konkurransedyktig europeisk dataøkonomi.
Vi gjer merksame på at det blir gjort videopptak av møta. Deltakarane kjem med på opptaket berre når ein sjølv aktiverer eigen mikrofon eller kamera.
Skriv gjerne i Datalandsbyen om de har spørsmål til innlegga eller forslag til nye tema for Fagleg arena, så tek vi med oss innspela vidare:
Fagleg arena for datadeling og informasjonsforvaltning 18.06.2025 | Datalandsbyen
God sommer!