Fagleg arena for informasjonsforvaltning er ein fast møteplass for dei med interesse for problemstillingar knytt til arbeid med informasjonsforvaltning. Dette er digitale møte der vi legg vi opp til at deltakarane kan stille spørsmål og dele historiar og erfaringar. Møta er opne for alle.
I det neste møtet har vi følgjande tema:
09:00 «Riktig informasjonsmodell er nøkkelen til maksimal verdi frå gjenbruk av (kliniske) data»
Gjenbruk av kliniske data har lenge vore hevda å kunne gi enorme gevinstar for helsetenesta. Kvalitetsarbeid, sjukdomsovervaking, folkehelse, forsking, effektivisering av helsetenesta, internkontroll, forenkla administrasjon, avgjerdsstøtte og ikkje minst støtte opp under beredskap for ein pandemisituasjon.
Alle desse områda avheng likevel av at den kliniske informasjonen er registrert i samsvar med ein informasjonsmodell som gjer muleg sekundærformålene. Presentasjonen gjennomgår situasjonen for bruk av informasjonsmodellar for IT systema i helsetenesta og effektane av manglande standardisering
Presentert av Johan Gustav Bellika, CRIO PraksisNett
Professor, Nasjonalt Senter for e-helseforskning
Professor II, Institutt for klinisk medisin, Det helsevitenskapelige fakultet, UiT Norges arktiske universitet
Vi gjer merksame på at det blir gjort videopptak av møta. Deltakarane kjem med på opptaket berre når ein sjølv aktiverer eigen mikrofon eller kamera.
Skriv gjerne i Datalandsbyen om de har spørsmål til innleiarar eller forslag til tema for Fagleg arena, så tek vi med oss innspela vidare: Fagleg arena for datadeling og informasjonsforvaltning 07.05.2025 | Datalandsbyen
Vel møtt!