Hopp til hovudinnhald
Emner:
  • Datadeling
  • Informasjonsforvaltning
Tid:
Onsdag 13. mars kl. 09:00–10:00, 2024
Stad:
Digitalt møte

Fagleg arena for informasjonsforvaltning er ein fast møteplass for dei med interesse for problemstillingar knytt til arbeid med informasjonsforvaltning. Dette er digitale møte der vi legg vi opp til at deltakarane kan stille spørsmål og dele historiar og erfaringar. Møta er opne for alle.

I neste møte har vi følgjande tema:

09:00 «Opne data som drivar for lokal innovasjon»

Norad har dei siste åra jobba aktivt for å fremja bruk av digitale fellesgode gjennom opne data, og open teknologi. Ein viktig del av dette arbeidet skjer i skjeringspunktet mellom opne data og målsetjing om lokal innovasjon i Norads partnarland. Dette kan handla om opne satellittdata for å hindra avskoging eller meir sektorspesifikke data knytt til hav, jord, helse eller klima og miljø. I dette foredraget går Christer Gundersen gjennom Norads strategiske tilnærming til opne data og korleis dette tek form gjennom konkrete prosjekt innan ulike sektorar.

Vi gjer merksame på at det blir gjort videopptak av møta. Deltakarane kjem med på opptaket berre når ein sjølv aktiverer eigen mikrofon eller kamera.

Skriv gjerne i Datalandsbyen om de har spørsmål til innleiarar eller forslag til tema for Fagleg arena, så tek vi med oss innspela vidare: Fagleg arena for informasjonsforvaltning og datadeling 13.03.2024 | Datalandsbyen (norge.no)

Vel møtt!