Hopp til hovudinnhald

Fagleg arena for datadeling og informasjonsforvaltning

Emner:
  • Datadeling
  • Informasjonsforvaltning
Tid:
Onsdag 30. november kl. 09:00–11:00, 2022
Stad:
Digitalt møte

Fagleg arena for informasjonsforvaltning er ein fast møteplass for dei som er interessert i problemstillingar knytt til informasjonsforvaltningsarbeid. Dette er digitale møte der vi legg vi opp til at deltakarane kan stille spørsmål, dele historier og erfaringar. Møta er opne for alle.

Program

Zeenea, med sin Datakatalog, har gjennom det siste året gjennomført fleire prosjekt i Norden, og ynskjer å dele erfaringar frå nokre av desse prosjekta. Trendar for kva som skjer i marknaden, og kva rolle ein datakatalog kan ha framover kan òg bli skissert. Zeenea og TietoEvry vil presentere ei mogelegheit for samhandling og informasjonsdeling som kan skalerast raskt. Verdiforslaget vil peike på eit mogeleg samarbeid mellom private og offentlege verksemder som kan realiserast med avgrensa innsats og investering.

Medvirkende

, TietoEvry Data Services
Pål Wik
, Zeenea
Petter Tønnesen

Statens kompetansemiljø for informasjonssikkerheit i Digdir presenterar "Felles sikkerheit i forvaltninga", som er eit initiativ til eit tverrsektorielt samarbeid for å sikre ei felles retning på arbeidet med informasjonssikkerheit i offentleg forvaltning. Dei vil seie noko om kva dette initiativet inneber, og kva som er gjort så langt, og mellom anna fortelja om arbeidet med ein prototype av ein katalog over oppgåver og informasjonshandsaming som pågår no.

Medvirkende

Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
Katrine Aam Svendsen

Vi gjer merksam på at det blir gjort videoopptak av møta. Deltakarar kjem med på opptaket berre når ein sjølv aktiverer eigen mikrofon eller kamera.

Skriv gjerne i Datalandsbyen om du har spørsmål til innleiarar eller forslag til tema for fagleg arena, så tek vi med oss innspela vidare: Møter og arrangementer | Datalandsbyen (norge.no)