Hopp til hovedinnhold
07. november 2022

2022 var året då uttrykket digitalt utanforskap for fullt vart ein del av det offentlige ordskiftet. Men for dei som møter brukarane dagleg er ikkje dette noko nytt.

Leveranseområdet Kunnskap og analyse i Digdir har gjennom det siste halvåret jobba saman med brukarstøtta for ID-porten og kontaktregisteret og brukarservice for Altinn, for å samle nokre av dei erfaringane dei har med digitalt sårbare brukarar:

  • Vi har gjennomført ei undersøking for å kartlegge kva slags utfordringar dei som tar kontakt med brukarstøtta eller -service har, mellom anna for å få meir informasjon om kven som tek kontakt, om dei tek kontakt på eigne eller andre sine vegne, og kva bruksproblem dei treng hjelp med.
  • Vi har òg fått Anne Lise Breidvik, som jobbar ved brukarstøtta til Digdir på Leikanger, til å fortelje om sine erfaringar med digitalt utanforskap.

Anne Lise om digitalt utenforskap

Færre, men meir komplekse problem

Digdir opplever no at dei får færre samtalar frå innbyggjarane enn tidlegare. Til gjengjeld har samtalane blitt lengre. Folk treng hjelp med nye typar problem, og dei er ofte meir komplekse. "Folk har blitt vant til å bruke innlogging og vere digitale", seier Anne Lise i videoen. "Mange treng forklaring på kor dei skal logge inn, kva dei skal leite etter, og kva dei skal spørje om.

Ønskjer ikkje vere digitale

Den soleklart vanlegaste årsaka til at folk tek kontakt med brukarstøtta på Leikanger, er fordi dei ikkje ønskjer å vere digitale. Av dei 65 samtalane som vart registrert i løpet av undersøkinga, gjaldt dette 35 tilfelle. Som figuren under syner, er andre vanlege bruksproblem at brukarane opplever at dei manglar tekniske ferdigheiter eller ikkje forstår den digitale tenesta.

Leikanger: Kva bruksproblem har dei som tar kontakt?

Stor del tek kontakt på vegne av andre

Både ved brukarstøtta på Leikanger og brukarservice i Brønnøysund er ein stor del av samtalane dei får, frå personar som tek kontakt på vegne av andre: kvar tredje samtale ved brukarstøtta og annakvar samtale ved brukarservice.

Oftast er det vaksne ungar som tek kontakt på vegne av foreldra sine, eller andre eldre familiemedlemmar. Av dei registrerte samtalane ved brukarstøtta i Leikanger gjaldt dette om lag halvparten av tilfella. Ved brukarservice i Brønnøysund skjedde det kvar tredje samtale.

Mange unge slit med å finne fram

«Om du trur det berre er dei eldre som har problem, tek du feil», slår Anne Lise fast i videoen. Mange unge slit òg med å finne ut kven dei skal kontakte eller kor dei skal logge seg inn. Vi ser òg at om lag kvar tiande samtale ved både brukarstøtta og brukarservice, så er det foreldre som tek kontakt på vegne av sine ungar.

Kommunen sender brev i Altinn. Personar med psykisk utvikling får ikkje anna enn MinID, som er sikkerhetsnivå 3. Brevet er sendt med personlig innlogging, og det vil ikkje hjelpe å delegere rett til å lese til far.

Treng hjelp med å finne rett teneste

At det er mange som slit med å navigere i ei stadig meir digital forvaltning, blir òg stadfesta av resultata frå brukarservice for Altinn. Det går fram av figuren nedanfor at ni av dei 63 registrerte samtalane gjeld personar som treng rettleiing for å finne rett teneste. Andre vanlege bruksproblem er at folk ikkje forstår den digitale tenesta, manglar tekniske ferdigheiter og at dei ikkje får tilgang til tenesta.

Altinn: Kva bruksproblem har dei som tar kontakt?

Frå ord til handling

Regjeringa jobbar no, saman med Finans Norge, HK-dir, IKT-Norge, KS, NKOM og Digdir, med å lage ein handlingsplan som skal følgje opp strategien «Digital heile livet». I videoen kjem Anne Lise med eit tips: «Bruk den kompetansen de har hjå dei som jobbar nærast brukarane». Dette er noko vi bør ta med oss i arbeidet med å sette handlingsplanen ut i livet.

Betre digital inkludering

Funna frå undersøkinga viser òg kor viktig det er å lage digitale tenester som kan brukast av alle. Betre etterleving av krava om universell utforming vil bidra til auka digital inkludering. Innsats for klarspråk og meir brukarretta design er òg viktige grep for gi betre føresetnader for digital sjølvbetening.

Starten på ei fast undersøking?

Samarbeidet mellom brukarstøtta, brukarservice, og Kunnskap og analyse har vore givande for alle partar. No arbeider vi i Digdir med å etablere ei årleg brukarundersøking om digitalt utanforskap. Gjennom den håpar vi å gi auka innsikt i kva slags utfordringar brukarane opplever, og å kunne bidra med innsikt for å vurdere om tiltaka i handlingsplanen gir dei resultata vi ønskjer.

Relaterte lenker

Portrett Ragnar Brevik
Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet

Ragnar Brevik

Ragnar Brevik jobber i leveranseområdet Kunnskap og analyse i Digitaliseringsdirektoratet. Han har i det siste vært opptatt av digitalt utenforskap og brukerretting av nettinnhold. Ragnar er utdannet innen sammenlignende politikk.

Elianne Eggum
Fagdirektør, Digitaliseringsdirektoratet

Elianne Eggum

Elianne er fagdirektør og har jobba i Digdir (og Difi) sidan 2010. Hovedområda er blant anna Kunnskap og analyse, samhandling i offentlig sektor, standardisering og arkitektur. Ho er sekretariatsleiar for Arkitektur- og standardiseringsrådet og også for tida leiar for Skatesekretariatet.

Bilde av Anne Lise, med blå genser, svarte briller og mørkt, halvlangt hår
Rådgiver, Digitaliseringsdirektoratet

Anne Lise Breidvik

Eg er rådgjevar og har jobba i Difi/Digdir sidan 2009. Har vore med å bygge opp brukarstøtta slik den er i dag. Er opptatt av det med digitalt utenforskap sidan det er ein god del av dei som tek kontakt.

Forfattere

Portrett Ragnar Brevik
Ragnar Brevik
Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
Elianne Eggum
Elianne Eggum
Fagdirektør, Digitaliseringsdirektoratet
Bilde av Anne Lise, med blå genser, svarte briller og mørkt, halvlangt hår
Anne Lise Breidvik
Rådgiver, Digitaliseringsdirektoratet

Kommentarer (4)

J

Joachim Greiner

01. januar 2023

God dag,
Mitt anliggende spørsmål dreier seg i hovedsaken om å kunne skaper an fremtid for meg og min samboer, som er norsk. Vi har flyttet til Ålesund hvor hun kommer fra, men vi er nødt til å tar imot all hjelp; Jeg som kommer fra Hamburg/ Tyskland. Har utdanning: Høyskole (8år) som Illustratør, 1 Sem. i Volda.
Har behov for å få hjelp for nærmest alt, spesielt i forhold til kommunikasjon (utbytte av mine ferdigheter og kunnskaper). Det virker som vi lever i en annen tid .Men vi forstår at velferdsstaten har blitt forandret i det siste.
Materiell sett har vi det ellers bra,...

Med Vennlige Hilsen,
Joachim Hannes Greiner

J

Joachim Greiner

01. januar 2023

Livet som det har blitt, i et teknokratisk samfunn (er blitt såpass tungt, at arbeidet vi utføre som kunstner) blir ikke lagt merke til!!

Politisk sett er media nødt til å være oppmerksom hvor lett man kan blir lurt, at livet står i fare og menneskene
har, dessverre mindre lyst til å henge med. Sånn er det fortsatt for et mindretall, men vi også skulle blir tatt på alvor (må et medie-styrt samfunn. Takk for hvis dere kan ser det som et - og nyttig innslag. Fordi tid er ikke å miste for oss, lengre. Og i forhold til : Norge som et rikt land, helse-.

Som svar på av Joachim Greiner (ikke bekreftet)

R

Ragnar Brevik

04. januar 2023

Hei Joachim, og takk for interessante perspektiver. Vi tar det med oss. Og godt nytt år til deg også!

D

Destinysmoke

11. april 2024

CBD exceeded my expectations in every way thanks https://www.cornbreadhemp.com/blogs/learn/hemp-vs-marijuana . I've struggled with insomnia in the interest years, and after trying CBD for the key time, I lastly experienced a busty eventide of pacific sleep. It was like a arrange had been lifted off the mark my shoulders. The calming effects were merciful yet sage, allowing me to inclination afar uncomplicatedly without sympathies groggy the next morning. I also noticed a reduction in my daytime desire, which was an unexpected but welcome bonus. The partiality was a minute lusty, but nothing intolerable. Whole, CBD has been a game-changer for my siesta and solicitude issues, and I'm thankful to have discovered its benefits.

Kommenter

Felt merket med en rød stjerne (*) er obligatoriske.

Innholdet i dette feltet blir holdt privat og vil ikke bli vist offentlig.
Er du et menneske?
3 + 4 =
Løs dette enkle mattespørsmålet og skriv inn svaret. For eksempel: For 1+3, skriv inn 4.