Hopp til hovudinnhald
19. juni 2020
3 minutt å lese

Dugnad er flott når alle er med, men fungerer dårleg når nokon blir ekskludert. Koronaen har utløyst ein storstilt «digitaliseringsdugnad» der alt frå undervisning og viktig helseinformasjon til økonomisk krisehjelp er gjort tilgjengeleg via digitale løysingar. Men mange har problem med å bruke tenestene, og det er det viktig at me gjer noko med.

Malin Rygg

Denne våren har nye digitale løysingar vore utvikla i høgt tempo. Mange har hatt heimekontor. Skuleelevar og studentar har hatt heimeundervisning via digitale kanalar som Teams og Zoom. Mange har drege stor nytte av nye digitale måtar å løyse kvardagen på. Det norske samfunnet har klart å omstille seg på ein imponerande måte, takka vere eit godt «digitalt fundament» og konstruktivt samarbeid på tvers av sektorar.

Mange møter digitale barrierar

Men i ein rapport som Proba har utarbeidd for tilsynet svarar to av tre personar med nedsett funksjonsevne at dei har utfordringar med å bruke nettsider, appar og sjølvbetjeningsautomatar. Rapporten vart publisert denne veka og gir ei stemme vi må lytte til. Dette er erfaringar frå personar med nedsett funksjonsevne om korleis dei opplever å bruke digitale løysingar i arbeid og kvardagen elles.

Historiene gjer inntrykk. Det er ikkje berre éin gong dei møter på eit problem. Det er på alle baugar og kantar. Fleire og fleire deler av dagleglivet i dag krev ein skjerm for å kunne delta, og Covid-19-pandemien har sett dette på spissen. Når kontor, skular og felles arenaer vert stengde ned og går over på digitale flater, vert konsekvensen av å bli utestengd større enn nokon sinne.

Alle skal med – også digitalt

Erfaringane frå brukarane kjenner vi att frå våre tilsyn og målingar. I møte med barrierar på nett og mobil opplever mange manglande meistring, frustrasjon og utestenging. Dette er ei utfordring både for mange tusen enkeltmenneske og for heile samfunnet. Fordelen med digitale tenester er at dei i utgangspunktet kan vere like for alle. Vi kan stille likt, men då må det gjerast på rett måte. Vi er forbi den tida der det er akseptabelt at nokon ikkje kan bruke digitale tenester på grunn av nedsett funksjonsevne.

Tilsynets visjon er eit samfunn utan digitale barrierar. Konsekvensen av å vere utestengd er stor både for den enkelte, men det er også ulønsamt for bedriftene. Vi må saman jobbe mot målet om digital inkludering. Vi treng ei kulturendring i samfunnet og i verksemdene. For å få til dette vil tilsynet følgje opp med informasjon og rettleiing til verksemdene, men også med kontrollar.

Krav om universell utforming

I dag er vi vande med å velje vekk det som ikkje fungerer. I konkurransen om brukarane er det smart å legge opp til at alle løysingar fungerer uansett korleis funksjonsevna er. Om eg som jurist skulle bli døv eller blind i morgon, er eg ingen dårlegare jurist av den grunn. Som Proba-rapporten syner, ynskjer også dei av oss med nedsett funksjonsevne å få gjere jobben sin utan hjelp, få med seg nyheiter, lese informasjon frå skulen til ungane sine, bestille kinobillettar og ferie, handle på nett, levere skattemeldinga og elles alt i livet.

Noreg var tidleg ute og innførte krav om universell utforming av nye løysingar. Neste år skal all IKT i Noreg følgje krava, og ikkje berre løysingar som er nylanserte. Då er det viktig at me tek alle med på dugnaden for å bli eit meir inkluderande digitalt Noreg.

Er du i tvil korleis du skal kome i gang? Sjekk rettleiinga vår på uutilsynet.no.

God sommar!

Malin Rygg
Avdelingsdirektør, Digitaliseringsdirektoratet

Malin Rygg

Rygg er direktør for Tilsynet for universell utforming av ikt i Digdir – Uu-tilsynet. Tilsynet har ansvar for å følge opp forskrift om universell utforming av ikt-løsninger, knyttet til likestillings- og diskrimineringsloven. Tilsynet er ti år i 2023 og har som visjon et samfunn uten digitale barrierer. Rygg er jurist med erfaring fra blant annet Konkurransetilsynet og har tidligere jobbet som advokat og dommer. Hun er også leder for Strategic Advisory Group on Accessibility (SAGA), som er en strategisk rådgivningsgruppe som skal arbeide med å inkludere universell utforming i alt relevant standardiseringsarbeid på europeisk nivå.

Forfattar

Malin Rygg
Malin Rygg
Avdelingsdirektør, Digitaliseringsdirektoratet

Kommenter

Felt merka med ei raud stjerne (*) er obligatoriske.

Innhaldet i dette feltet er privat og kan ikkje lesast av andre.
Er du eit menneske?
3 + 13 =
Løys dette enkle mattespørsmålet og skriv inn svaret. For eksempel: For 1+3, skriv inn 4.