Hopp til hovudinnhald
Emner:
  • Universell utforming
Tid:
Onsdag 16. august kl. 12:00–13:00, 2023
Stad:
Vitensenteret Arendal, Direkte strømming

Kvardagen er digital og mange opplever at det kan vere vanskeleg å gjennomføre ei digital teneste, av ulike årsaker. Er vi kome dit at det er eit demokratisk problem at folk fell utanfor digitalt? Er det blitt eit hinder for å delta i samfunnet?

Se opptak fra arrangementet

For ti år sidan handla digital deltaking om å kunne søke på ei offentleg teneste, betale ein rekning eller gjennomføre ein prosess. Klarte du ikkje det, så hadde du alternativ eller andre måtar å løyse problemet på. I dag gjennomsyrer digitalisering det meste. Den digitale kvardagen er overalt og ofte har du ikkje gode moglegheiter for gjennomføring. Av og til er du avhengig av andre, ofte inn mot tenester som involverer helseopplysningar og kontoopplysningar, også for sensitive saker med personopplysningar.

Er vi kome dit at det er eit demokratisk problem at folk fell utanfor digitalt? Er det blitt eit hinder for å delta i samfunnet?

Regjeringa har no lagt fram ein handlingsplan for auka digital inkludering.

Dette utforskar vi i ein panelsamtale med statssekretær Gunn Karin Gjul og andre gjestar.

Kl. 12.00-12.15 Introduksjon ved tilsynsdirektør Malin Rygg

Kl. 12.15-12.55 Panelsamtale leia av Harald Eia

Kl. 12.55-13.00 Oppsummering

Medverkande:

  • Malin Rygg, Tilsynsdirektør, Tilsynet for universell utforming av IKT v/ Digitaliseringsdirektoratet
  • Gunn Karin Gjul, Statssekretær, Kommunal- og distriktsdepartementet
  • Beth Stensen, Daglig leder, Netlife
  • Terje André Olsen, Forbundsleder, Norges Blindeforbund
  • Kari Sand, Seniorforsker, SINTEF
  • Torgeir Waterhouse, Partner, Otte
  • Harald Eia, Sosiolog, forfattar, foredragshaldar og programleiar

Kontakt

Torhild Kristin Brudvik

Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: 48288309