Hopp til hovudinnhald

– Årets kopling til tillitsreforma gir dei ytterlegare mandat til å banke på departementsdørene, sa Valgjerd Bakka Skauge frå Kommunal- og distriktsdepartementet på kick-off for Stimulabs 2023-kull.

10. november 2023

Stimulab-kullet 2023 har allereie vekt interesse med prosjekta sine som tek for seg relevante problemstillingar knytt til ein meir innovativ og brukarvennleg offentleg sektor. For første gong på fleire år kunne Stimulab invitere til fysisk kick-off i Digdirs lokale på Økern Portal. Målet med samlinga var å gi prosjekta høve til å hente inspirasjon frå kvarandre og dele erfaringar på tvers.

Caroline Hoff som leder Kick-off samlingen for Stimulab-kullet 2023
Caroline Hoff ledet kick-off samlingen
Foto: Benjamin Moe/Digdir

Dette er prosjektane

Direktoratet for byggkvalitet (DiBK)

Prosjektnamn: Ingen sak med byggjesak – effektiv og brukarretta rettleiing i alle ledd

Prosjektdeltakare: Organisasjonen til kommunesektoren (KS)og nokre utvalde kommunar

Kriminalomsorgsdirektoratet

Prosjektnamn: Hendene og ressursane som må finne kvarandre.

Prosjektdeltakarar: Helsedirektoratet, Arbeids- og velferdsdirektoratet, Utdanningsdirektoratet, Statsforvaltaren i Vestland og nokre utvalde kommunar

Helsedirektoratet

Prosjektnamn: Systemdemonstrator: Eksperimentering med betre og tverrsektorielle tilbakemeldingssløyfer mellom stat og kommune

Prosjektdeltakare: Direktoratet for e-helse, Utdanningsdirektoratet, Flekkefjord kommune, Deltakande statsforvaltarembete, Kommunesektorens organisasjon (KS) og NAV med fleire.

Arbeids- og velferdsdirektoratet

Prosjektnamn: Tillitsreforma i Arbeids- og velferdsetaten – korleis leggje til rette for lokalt forankra tenesteutvikling med større handlingsrom?

Prosjektdeltakare: NAV direktoratet, tillitsvalde, NAV kommunalt

Her kan du lese meir om årets prosjekter: Stimulab deler ut seks millioner kroner til fire prosjekter | Digdir,

Deltakerne på stimulab kick-off som følger med på presentasjoner fra de andre prosjektene
Deltakarane følgde spent med på presentasjonane frå dei andre prosjekta
Foto: Benjamin Moe/Digdir

Tillitsreforma

Fordi tillitsreforma har ei så viktig rolle i Stimulab-prosjekta i år, både når prosjekta blir valde ut og i gjennomføringa av prosjekta, ønskt vi å setje dette på dagsordenen på kick-offen òg. Derfor inviterte vi Valgjerd Bakka Skauge frå Kommunal- og distriktsdepartementet til å snakke om: Kva reforma handlar om, korleis ho skal gjennomførast, og status per no. Prosjektdeltakarane nytta høvet til å stille spørsmål om innhaldet av reforma, og korleis prosjekta deira kan støtte opp om målet av reforma.

- Vi er allereie entusiastiske på vegner av årets Stimulab-kol! Dei viktige problemstillingane deira spenner breitt, og er nasjonale fyrtårnprosjekt på offentleg innovasjon. At de også skal støtte opp om tillitsreforma til regjeringa, gir de eit ytterlegare mandat til å “banke på dørene til departementa”. Eg oppmodar dykk til å nytte moglegheita, og vere i tett dialog med eigne departement eksempelvis rundt korleis prosjekta kan skalerast og implementerast nasjonalt, påpeika Skauge.

Valgjerd Bakka Skauge fra Kommunal- og distriktsdepartement som holder innlegg på Stimulab Kick-off
Valgjerd Bakka Skauge frå Kommunal- og distriktsdepartementet heldt ein presentasjon om tillitsreforma, og viste stor interesse for prosjekta i år
Foto: Benjamin Moe/Digdir

Innbygjarstemmen

Etter ein kort kaffipause der engasjerte prosjektdeltakarar hadde presentert prosjekta sine og fått inspirasjon frå departementet, var det tid for å lytte til erfaringar frå det tidlegare Stimulab-prosjektet Innbyggjarstemmen. Prosjektet vart sett i gang av Politidirektoratet i 2020/21 med mål om å auke innbyggjardeltaking i arbeidet til politiet, tenesteyting, og avgjerder.

Frå Politidirektoratet kom politiinspektør Janne Stømner og seniorrådgivar i kommunikasjonsstaben Caroline Carho. Etter ein god gjennomgang av utgangspunktet for prosjektet, omfang, og mål delte dei nokre gode råd på vegen til prosjekta i år:

•Forankre arbeidet så høgt oppe som mogleg i organisasjonen

•Etablere arenaer og nettverk innleiingsvis – og bruk tid på å bli kjend med heile teamet!

•Del erfaringar gåande

•Bruk ekstra tid i diagnosefasen – og gjerne lenger enn du trur er nødvendig

•Knytt arbeidd til eksisterande mål og oppgåver - og pågåande initiativ

•Vel ein leverandør som viser at dei har sett seg grundig inn i både problemstillinga og verksemda

Deltakerne på stimulab kick-off som følger med på presentasjonen til representantene fra Politidrektoratet
Politidirektoratet presenterte prosjektet deira "innbyggjarstemma" som også starta gjennom stimulab-ordningen. Her delte dei erfaringar frå prosessen deira.
Foto: Benjamin Moe/Digdir

Vegen vidare

Heilt til slutt fekk deltakarane eit høve til å reflektere over dagens innhald i grupper. Vi håpar deltakarane etter kick-offen sit igjen med inspirasjon og motivasjon for arbeidet vidare.

Prosjekta er no i innkjøpsprosessar der dei skal velje leverandørar. Stimulab-teamet hjelper og rettleier dei gjennom denne prosessen. Det blir fleire samlingar i regi av Stimulab i 2024. På desse samlingane vil det bli mogleg å få fagleg påfyll, drøfte felles utfordringar og bli inspirert av kvarandre prosjekt.

Kontakt

Sigrid Grønland Hoel

Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: 94833202

Caroline Grubstad Hoff

Rådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: +47 97 19 24 51