Hopp til hovudinnhald

Helsedirektoratet og Norsk helsenett skal utforske korleis ein digital behandlingsplan kan bidra til betre kvalitet i behandlinga og betre medverknad frå pasientane.

Verksemder: Helsedirektoratet og Norsk Helsenett

Leverandør: Halogen og Rambøll

Behovet som skal dekkjast

Pasientoppfølginga er i dag prega av manglande samhandling mellom ulike behandlarar. Det blir i liten grad nytta behandlings- og eigenbehandlingsplanar (DBEP), og tilnærma ingen er digitale. Digitale behandlings- og eigenbehandlingsplanar kan bidra til betre samhandling på tvers av behandlingsstader og gjennom dette tilby eit heilskapleg pasientforløp, der også pasienten er ein meir aktiv deltakar.

Om prosjektet

Prosjektet Digitale behandlings- og eigenbehandlingsplanar er eit omfattande prosjekt med fleire fasar som strekkjer seg over fleire år. Stimulab-arbeidet har vore heilt sentralt i Planfase del 2 i prosjektet, behovsanalyse og spesifisering. Prosjektet skal sjå på dei teknologiske moglegheitene og teste korleis ein slik behandlingsplan kan fungere, på tvers av helsetenester. Føremålet med prosjektet var å utgreie, skildre, utvikle og teste digitale behandlings- og eigenbehandlingsplanar.

Resultat

Prosjektet har utforska moglegheitsrommet basert på innsiktsarbeidet. Ulike konseptuelle retningar vart vurderte, til slutt vart det valt kva for konseptuell retning som vart tilrådd å gå vidare med. Det vart gjennomført tre design-sprintar og laga prototype av løysinga som vart testa av brukarar. Prosjektet kom fram til eit konsept med plan for utvikling og oppdatert informasjonsmodell.

Prosjektet hadde ein Show&Tell 17. februar 2021. Halogen, Rambøll, Norsk Helsenett og Helsedirektoratet heldt ein detaljert presentasjon av konseptet og planane til prosjektet.

Vegen vidare

Arbeidet er vidareført i prosjektet «Digital behandlings- og eigenbehandlingsplan» som i 2021 fekk støtte frå Medfinansieringsordninga.