Hopp til hovudinnhald
Emner:
  • Skate
Tid:
Onsdag 22. juni kl. 09:00–12:00, 2022
Stad:
Digitalt møte

Toppleiarorganet Skate blir understøtta av eit arbeidsutval (AU) med representantar frå Skate-verksemdene. AU skal i samarbeid med Skatesekretariatet førebu saker for Skate og sørge for god forankring i Skate-verksemdene. AU utfører også oppgåver dei har blitt delegert av Skate.

Det er inga påmelding til dette møtet. Det er kun for dei utpeikte representantane i Skate sitt arbeidsutval.

Skate (Styring og koordinering av tenester i e-forvaltning) er eit strategisk samarbeidsråd og rådgivande organ til Digitaliseringsdirektoratet og kommunal- og distriktsministeren. Skate er samansett av toppleiarar frå offentlege verksemder. Medlemmane i Skate er oppnemnde av Kommunal- og distriksdepartementet. Skate-direktørane peiker ut sine representantar i Skate sitt arbeidsutval.

Skate sine nettsider kan ein lese meir om Skate. På sida for Skate sitt arbeidsutval er det lenker til eInnsyn med møtereferat, sakspapir m.m. for arbeidsutvalet.