Hopp til hovudinnhald

Hindringar i arbeidet med samanhengande tenester

Her ser vi nærare på hindringar som offentlege verksemder møter på i arbeidet med å utvikle samanhengande tenester. Vi ser på opplevde hindringar for verksemder som har kome godt i gang med arbeidet, og dei som ikkje har kome like godt i gang.

Manglande finansiering er for mange ei stor hindring

I 2023 har vi sett at fleire verksemder utviklar samanhengande tenester. IT i praksis har spørsmål om i kva grad verksemdene i dette arbeidet opplever hindringar knytt til forhold som finansiering, kompetanse, samarbeid med andre, kultur og liknande. I årets undersøking opplev 72 prosent av verksemdene minst eitt av alternativa som i stor grad ei hindring. Denne delen har gått noko ned frå tidlegare år: I fjor var den på 87 prosent. Manglande finansiering peiker seg ut som hindringa flest verksemder møter på.

Hindringar for å utvikle samanhengande tenester

Dette viser figuren:

  • Figuren viser prosentdel av verksemdene som svarar at følgjande forhold i stor grad er hindringar for å utvikle samanhengande tenester.
  • Forhold knytt til finansiering er hindringane som flest verksemder opplev. 52 prosent meiner at manglande finansiering knytt til utvikling i stor grad er ei hindring for utvikling av samanhengande tenester.
  • Det at budsjettmidlar øyremerkast blir i stor grad oppleva som ei hindring for 39 prosent av verksemdene.
  • Litt færre, 33 prosent, meiner at manglande finansiering knytt til drift og forvaltning er ei stor hindring.
  • Ser vi bort frå forhold knytt til finansiering, er manglande fellesløysingar i felles økosystem og manglande kompetanse dei største hindringane. Høvesvis 38 prosent og 30 prosent av verksemdene meiner at desse i stor grad er hindringar.
  • Manglande profilering og usemje om eigarskap til løysinga er hindringar færrast meiner dei møter på.

Manglande samsvar mellom investering og gevinst – ei stor hindring for modne verksemder

IT i praksis har òg spørsmål om i kva grad verksemdene utviklar samanhengande tenester. Her ser vi nærare på hindringar opplevd av verksemder som i stor grad utviklar samanhengande tenester. For denne gruppa er manglande finansiering framleis ei viktig hindring. Hindringar som peiker seg særskilt ut for denne gruppa er manglande samsvar mellom investering og gevinst, og ulike teknologiske plattformar.

Hindringar for verksemder som i stor grad utviklar samanhengande tenester

Dette viser figuren:

  • Figuren viser prosentdel av verksemder som i stor grad utviklar samanhengande tenester og som svarar at følgjande forhold i stor grad er hindringar for å utvikle samanhengande tenester.
  • Samanliknar vi med svara frå heile utvalet, er manglande samsvar mellom investeringar og gevinstar og ulike teknologiske plattformar viktigare hindringar for denne gruppa. Her meiner høvesvis 29 og 31 prosent at desse er store hindringar, mot 22 og 23 prosent i heile utvalet.
  • Manglande finansiering knytt til utvikling peiker seg ut som den viktigaste hindringa. 52 prosent opplever dette som i stor grad ei hindring. I likskap med heile utvalet er manglande finansiering den største hindringa for gruppa som har kome langt i arbeidet med samanhengande tenester òg.

Fagleg leiing ser ikkje verdien – ei stor hindring for verksemder som ikkje er kome like godt i gang

Her ser vi nærmare på hindringar for dei verksemdene som ikkje har kome like godt i gang med arbeidet med samanhengande tenester. Desse verksemdene oppgjer at dei i liten eller svært liten grad utviklar slike tenester. Det at fagleg leiing ikkje ser verdien av samanhengande tenester er ei stor hindring for denne gruppa.

Hindringar for verksemder som i liten grad utviklar samanhengande tenester

Dette viser figuren:

  • Figuren viser prosentdel av verksemder som i liten grad utviklar samanhengande tenester og som opplev at dei ulike forholda i stor grad er hindringar for å utvikle samanhengande tenester.
  • For verksemdene som ikkje er kome like langt i arbeidet med samanhengande tenester er det at fagleg leiing ikkje ser verdien, og manglande kompetanse spesielt store hindringar. Høvesvis 36 prosent og 45 prosent i denne gruppa meiner desse er store hindringar, mot 18 prosent og 30 prosent for heile utvalet.
  • Også for denne gruppa peiker manglande finansiering seg ut som den største hindringa. 53 prosent av desse verksemdene, litt fleire enn resten av utvalet, meiner at manglande finansiering knytt til utvikling i stor grad er ei hindring.
  • Budsjettmidlar som øyremerkast og manglande finansiering knytt til drift og forvaltning er for denne gruppa viktigare hindringar samanlikna med heile utvalet. Høvesvis 50 og 45 prosent meiner at desse i stor grad er hindringar, mot 39 og 33 prosent av det totale utvalet.

Kva skjer om vi samanliknar verksemdene som er meir modne med dei som er mindre modne?

Til no har vi sett på dei to gruppene med verksemder som har jobba meir og mindre med samanhengande tenester kvar for seg. Kva skjer om vi samanliknar desse to gruppene og hindringane dei opplev? Fagleg leiing som ikkje ser verdien av samanhengande tenester, og manglande kompetanse skil seg mest ut.

Forskjellar i opplevde hindringar for dei som i liten grad og dei som i stor grad utviklar samanhengande tenester

Dette viser figuren:

  • Figuren viser differansen i prosentdel som i stor grad opplever dei ulike forholda som hindringar mellom dei to gruppene som i liten og i stor grad utviklar samanhengande tjenester, og heile utvalet.
  • Det at fagleg leiing ikkje ser verdien i samanhengande tenester skil seg ut som den hindringa det er størst forskjell i mellom dei to gruppene. I gruppa med verksemdene som ikkje har kome så langt i arbeidet er det 36 prosent som meiner dette er ei stor hindring, mot 8 prosent i gruppa med verksemder som er meir modne.
  • Manglande kompetanse er òg ei hindring som skil seg ut. For dei mindre modne verksemdene er dette ei stor hindring for 45 prosent, og for dei meir modne verksemdene er det 26 prosent som meiner det er ei stor hindring.