Government AI Readiness Index
Government AI Readiness-indeksen undersøker kor godt offentlege myndigheiter i ulike land er rusta til å ta i bruk KI. Det er Oxford Insights som står bak indeksen.
Basert på indeksen for 2025 er Noreg rangert som nummer 10 globalt. Dette markerer ein positiv trend, der Noreg held fram med å klatre. Topp tre er USA, Frankrike og Storbritannia. Noreg oppnår ein skår på 75 poeng. Sjølv om det er ganske langt bak USA sin skår (88 poeng), er det kortare avstand opp til Frankrike og Storbritannia (høvesvis 81 og 78 poeng).
Best i Norden
Figuren nedanfor syner Noreg, Sverige, Danmark og Finland sine plasseringar i Government AI Readiness-indeksen frå 2019 og fram til no. Samanlikna med dei andre nordiske landa, har Noreg hatt ei stabil utvikling på indeksen, og med ei positiv utvikling dei siste åra. Særleg Sverige og Finland har hatt ei negativ utvikling. 2025 er difor det første året der Noreg skårer betre enn alle dei andre nordiske landa.
Kva Noreg er gode og dårlege på
Government AI Readiness-indeksen for 2025 vurderer totalt 69 indikatorar fordelt på 14 dimensjonar. Desse er igjen delt inn i seks pilarar. Figuren nedanfor viser Noreg poengsum på desse pilarane.
Dei tre områda der Noreg skårer best, er innan styring, policy-kapasitet og bruk i offentleg sektor. Dei to første handlar i stor grad om rammene og føresetnadane for KI i offentleg sektor.
Policy-dimensjonen ser i hovudsak på om ein har ein strategi og om denne følgjast opp. Noreg sin poengsum er her 88 poeng (av maksimalt 100). Styringsdimensjonen på si side måler mellom anna om ein har regulatoriske rammer for KI-arbeidet. Her får Noreg 94 poeng.
I motsatt ende er dimensjonane KI-kapsitet og utvikling og spreiing (development and diffusion). Svakast skårer Noreg på utvikling og spreiing, med 61 poeng. Hovudgrunnen til det er at den norske KI-sektoren blir vurdert som svak.
Når det gjeld KI-kapasitet er det særleg låg reknekraft som trekker Noreg si vurdering ned. Dette er òg dei to dimensjonane som veg tyngst i den samla skåren for indeksen.
På det siste området, motstandskraft (resilience), får Noreg 78 poeng.
Detaljerte poengsummar for alle dei 14 dimensjonane har vi samla i tabellen under. Tabellen syner òg kva dimensjonar som inngår i pilarane.
| Pillars | Dimensions | Score |
| Policy Capacity | Policy Vision | 70,00 |
| Policy Commitment | 100,00 | |
| AI Infrastructure | Compute Capacity | 18,92 |
| Enabling Technical Infrastructure | 86,09 | |
| Data Quality | 92,01 | |
| Governance | Governance Principles | 100,00 |
| Regulatory Compliance | 88,05 | |
| Public Sector Adoption | Government Digital Policy | 70,54 |
| E-Government Delivery | 97,79 | |
| Development and Diffusion | Human Capital | 79,77 |
| AI Sector Maturity | 38,45 | |
| AI Technology Diffusion | 70,87 | |
| Resilience | Societal Transition | 88,33 |
| Safety and Security | 66,67 | |
| Total | 74,84 |