Hopp til hovudinnhald

EIF-monitorering

Noreg er blant landa som gjer det best når ein måler implementering av EIF, eit europeisk rammeverk for digital samhandling - sjølv om det har vore ein relativ tilbakegang siste året.

EIF er eit europeisk initiativ som skal gjere det enklare å utvikle digitale tenester som heng saman. EIF står for European Interoperability Framework. På norsk kallar vi dette eit rammeverk for digital samhandling.

Måling av korleis EIF-rammverket blir implementert

For å følge korleis EIF-rammeverket blir implementert, er det laga eit opplegg for å måle framdrift. Her er det mellom anna satt opp ei rekke nøkkelindikatorar. Figurane under viser korleis Noreg samla sett gjer det for desse nøkkelindikatorane. Den første viser korleis Noreg si plassering har utvikla seg. Den andre viser Noreg sine poengsummar, og samanliknar dei med beste land og med snittet for landa som er med i målinga.

For det første ser vi at Norge i 2022 endar som niande beste land, med ein poengsum på 3,59 av 4. Vi er godt over snittet i dei 30 landa som målinga er gjennomført for i 2022, som er 3,31. Samstundes er vi godt under poengsummen til det landet som gjer det best i måling: Spania, med 3,81 poeng.

Positiv utvikling samla sett

For det andre ser vi at Noregs plassering har gått litt opp og ned over dei fire åra målinga er gjennomført. Vi starta nede på ein 14. plass i 2019, før vi klatra til ein 4. plass i 2021. Sjølv om det vart ein nedgang i 2022, både i plassering og poengsum, er utviklinga i perioden sett under eitt framleis positiv.

Kor kan vi bli betre?

Ifølgje resultata frå 2022 er det særleg to av områda i rammeverket vi kan bli betre. Det eine gjeld digital inkludering og tilgjengelegheit, der Noreg får trekk for ikkje å ha innlemma EU sitt tilgjengelegheitsdirektiv. Det andre er fleirspråklegheit, der vi får trekk for at mange offentlege digitale tenester ikkje i tilstrekkeleg grad er tilgjengeleg på andre europeiske språk.

Korleis blir datainnsamlinga gjennomført?

Datainnsamlinga for EIF-monitoreringa tar utgangspunkt i 68 nøkkelindikatorar. Det blir brukt både primær- og sekundærkjelder. Kvart år må ein landrepresentant (for Noreg er dette Digdir) svare på eit spørjeskjema om implementering av EIF. I tillegg hentast òg data frå sekundærkjelder som eGovernment Benchmark og offisiell statistikk rapportert til Eurostat. I 2022 vart målinga gjort for 30 land, medan den dei tre andre åra dekte 36 land.