Hopp til hovudinnhald

Digital kompetanse

Barrierane knytt til digital kompetanse refererer til evna til å nytte digitale verktøy, ressursar og teknologiar for å oppnå mål, løysa problem og delta meiningsfullt i samfunnet.

Fleire har behov for å styrke dei digitale ferdigheitene

Digital kompetanse er ein føresetnad for å kunne ta i bruk offentlege digitale tenester. Færre vurderer sine eigne digitale ferdigheter som låge. Likevel ser ein at ca. ein av ti har svake digitale ferdigheiter og det er eit behov for å styrke desse.

Nøkkeltal om digital kompetanse

Tre nøkkeltal om digital kompetanse

5
%
Positiv synkande trend

Vurderer eigne digitale ferdigheiter til å vere på nivå 1 eller 2 på ein fempunktskala der 1 er nybyrjar og 5 er ekspert (IT i praksis, 2024)

11
%

Av befolkninga i alder 16 år og eldre har svake grunnleggjande digitale ferdigheiter (Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, 2021).

67
%

Meiner at dei har behov for å styrke dei digitale ferdigheitene sine (Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, 2021).

Talet på vurdering av eigne digitale ferdigheiter har hatt ein positiv nedgang. 9 prosent vurderte ferdigheitene lågt i 2022, og 7 prosent i 2023 (IT i praksis).