DigdirCamp – sommarjobb for IT-studentar
Er du IT-student og vil ha ein spennande sommarjobb? Då inviterer vi deg til å søke på DigdirCamp. Du får jobbe tett saman med utviklingsmiljøet vårt som arbeider for å utvikle og modernisere IKT-tenester i Norge.

Kvart år inviterer vi IT-studentar til å vere med på DigdirCamp i Leikanger i Sogn. Vi gir sommarjobb til inntil åtte studentar, frå midten av juni til midten av august 2021. På DigdirCamp får du bruke kunnskapen og ferdigheitene dine til å jobbe med konkrete ikt-oppgåver ved sida av erfarne utviklarar i våre fagmiljø.
Nyttig erfaring
Dei to siste åra har DigdirCampen samla studentar frå NTNU i Trondheim og Gjøvik, Oxford Brooks i England, Universitetet i Bergen, Universitetet i Agder, Universitetet i Tromsø og Universitetet i Sørøst-Norge.
Studentane jobbar gjerne i to grupper for å løyse konkrete oppgåver. Gjennom sommaren presenterer studentane korleis dei jobbar med oppgåvene og kva for løysingar dei foreslår.
Eksempel på oppgåver dei siste åra:
- Korleis gjere det enklare for unge brukarar i alderen 13 til 18 år å ta i bruk offentlege digitale tenester?
- Korleis ein kan kople ID-porten med Internet of Things (IoT)? Er det mogleg å gi dingsar som Alexa frå Amazon og Google Home tilgang til beskytta informasjon gjennom ID-porten?
- Den offentlege innsynsløysinga eInnsyn handterer stadig større datamenger. Kva for alternativ finst for å for å møte dette behovet i løysinga?