Hopp til hovudinnhald

Til saman 132,5 millionar kroner er på veg frå medfinansieringsordninga til åtte digitaliseringstiltak i offentleg sektor.

17. august 2023

Tidlegare i år (mai 2023) fortalte Digdir om dei åtte digitaliseringstiltaka som låg an til å få midlar frå medfinansieringsordninga for digitaliseringsprosjekt i statlege verksemder. Alle åtte har no levert og fått godkjent gevinstrealiseringsplanane sine. Det vil seia at alle midla for 2023 no er utdelt.

Dei åtte prosjekta har til saman ein netto noverdi på om lag 1,4 mrd. kroner over 10 år. Det omfattar nytteeffektar i statleg, kommunal og privat sektor, og dessutan hos innbyggjarane. Til dømes reknar både Utlendingsdirektoratet, Kulturdirektoratet og Oljedirektoratet med at tiltaket skal gi dei tidsinnsparingar internt i verksemda. Direktoratet for byggkvalitet reknar med at tiltaka skal gi tidsinnsparingar for både kommunal sektor, privat næringsliv og innbyggjarane.

I tillegg reknar alle tiltaka med kvalitative nytteeffektar. Til dømes tiltaket frå Folkehelseinstituttet skal mellom anna gi styrkt beredskapsevne og -tilbod i instituttet og forbetra helseberedskap i kommunane.

Digitaliseringsdirektoratet kjem til å følgja opp tiltaka dei kommande åra til dei er ferdige.

Neste runde med utdeling av midlar blir i byrjinga av 2024. Søknadsfristen blir i slutten av januar eller byrjinga av februar. Følg med i nyheitsbrevet til Digdir om kor stor potten blir i 2024 og når søknadsfristen blir.

Kontakt

Nour Eddine Elkadi

Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: +47 98 66 66 61