Hopp til hovudinnhald

Klart språk for å forme sluttproduktet

Klart språk i menyar, på knappar og i hjelpetekstar gjer at digitale tenester vert enklare å bruke for alle.

Digdir illustrasjon – to personar med gule blyantar

    Små og store tekstar må spele på lag med designet, og vere i tråd med krava til universell utforming.

    Her finn du tre aktivitetar med klart språk for å forme gode digitale tenester.

    1. Omsett teksten til eit anna språk

    Det er lett å sjå seg blind på eigen tekst. Omsetting gir deg nødvendig avstand til teksten slik at du kan revidere formuleringane og presisere innhaldet.

    Slik gjer du det:

    Omsett teksten frå nynorsk til bokmål, engelsk eller eit anna språk. Les teksten din høgt for å teste flyt og struktur, og for å utfordre ordval og meiningsinnghald. Gå tilbake til originalen og juster der det trengst.

    2. Utforsk samspelet mellom tekst, interaksjon og grafiske element

    Ein designar eller ein tekstforfattar kan ikkje klare å løyse alle problema på eigen hand, og ofte er svaret ein kombinasjon av kompetansane. Bruk denne aktiviteten for å stimulere til løysingar som oppstår i synergi mellom tekst og interaksjon.

    Slik gjer du det:

    Alternativ 1, når brukarane ikkje vil lese:

    Utforsk korleis ein tekst kan erstattast av ein interaksjon eller eit grafisk element. Kan endringa hjelpe til å gi brukaren informasjonen på eit anna tidspunkt, og betre i tråd med behovet og forventinga? Utforsk også korleis ein tekst kan erstatte eller forsterke eit designelement. Fungerer eitt alternativ betre enn eit anna, eller er dei to endå betre saman?

    Alternativ 2, når de treng nye idear for å løyse eit problem:

    Tekstforfattar og designar løyser same problem kvar for seg og diskuterer deretter korleis dei to løysingsforslaga utfyller og utfordrar kvarandre. Kanskje ein kombinasjon av dei to idéane kan vere ein endå betre løysing for brukarane?

    3. Bruk retningslinjene for utforming av digitale tenester

    Retningslinjene for universell utforming fortel kva som må til for at alle skal forstå og bruke digitale tenester. Vidare kan råda om klart språk i digitale tenester, utvikla av KS og Språkrådet, gi inspirasjon og forslag til korleis ulike delar av eit digitalt skjema eller ei teneste kan sjå ut.

    Tre eksempel:

    1. Bruk ein struktur som gir oversikt.

    Ein god struktur gjer at brukaren raskt får oversikt over heilskapen i tenesta, og deretter kan lese og bruke tid på detaljane som er interessante. Gode underoverskrifter, eit luftig oppsett, konsekvent design og gode symbol gjer at brukaren forstår korleis dei relevante delane av tenesta heng saman.

    2. Del opp informasjonen i mindre bitar.

    Ved å presentere éin bit av gangen kan du hjelpe brukaren til å konsentrere seg om eitt og eitt element. Oppdeling er nyttig når brukaren skal utføre ei handling, og kan hjelpe deg til å vurdere kva for nokre delar av informasjonen som er instruksjonar, og kva for informasjon som brukaren kan få som hjelpetekst ved behov.

    3. Klart språk for enkel navigasjon

    Tydelege og beskrivande titlar, instruksjonar og forklaringar gjer at brukaren finn fram til den relevante informasjonen. Klarspråk sikrar at brukaren forstår og nyttar menyar, navigasjon, knappar, hjelpetekstar og feilmeldingar.

    Les meir: