Hopp til hovudinnhald

Klart språk for betre samarbeid

Alle kan ha nytte og glede av å arbeide med klart språk som del av designprosessen, og det kan vere til stor hjelp å skrive både tidleg og ofte, både saman og åleine.

Digdir illustrasjon - to personer bærer hver sin store gule blyant

    Tverrfagleg arbeid basert på klart språk kan gjere det meir effektivt å designe nye tenester. I samarbeid med interaksjonsdesignarar, juristar og domeneekspertar kan ein innhaldsdesignar eller tekstforfattar nytte klarspråk for å gi kraft og retning til designarbeidet.

    Det er viktig at tekstforfattaren eller innhaldsdesignaren får vere med og arbeide i sjølve designverktøyet. På den måten legg ein til rette for at ein kan designe med ekte tekstar frå start.

    Her finn du tre aktivitetar der klart språk støttar eit tverrfagleg samarbeid.

    1. Skriveverkstad

    Bruk ein skriveverkstad for å produsere og revidere tekst i fellesskap. Felles skrivearbeid gir eigarskap til innhaldet og hevar kvaliteten på tekstane.

    Slik gjer du det:

    Inviter to eller fleire kollegaer til ei felles skriveøkt. Det er ofte ein fordel å ha eit grovt utkast å revidere saman, så slepp de å bli stoppa av motløysa eit blankt dokument kan gi.

    Alternativ 1: Kreativ utforsking

    Ta utgangspunkt i ein kort tekst, ein tittel eller ei overskrift som ikkje fungerer som planlagt. Sett ei stoppeklokke på eit par minutt og be kvar deltakar om å skrive tre nye alternativ til den korte teksten. Deretter les alle sine forslag høgt, og den som har ansvaret for teksten i skissene vel nokre av alternativa for vidare revisjon og brukartesting.

    Alternativ 2: Fag og forenkling

    Samle tekstforfattar, designar og domeneekspert (til dømes ein jurist) og arbeid gjennom ein avgrensa del av teksten frå start til slutt. Før de går i gang med arbeidet er det viktig at alle er einige om korleis de skal vurdere innsikt frå brukarinnsikt og brukartesting i lys av juridisk presisjon og kvalitetssikring. Avklar at de skal samarbeide om å revidere tekstane så språket vert klart og når fram til målgruppa.

    2. Klart språk saman med brukarreiser

    Ved å samarbeide med tenestedesignar om å diskutere ei enkel skisse av korleis brukarane skal få hjelp av tenesta, kan du hjelpe prosjektgruppa til å forstå behova og konteksten til brukarane.

    Klarspråksarbeidet har eigentleg gjort det enklare for meg, fordi det brakte inn ting i prosjektet som vi verkeleg trengte.

    Slik gjer du det:

    Bruk enkle grep for å teikne opp ei brukarreise for tenesta, til dømes post-it-lappar på ei tavle. Kombiner visualisering med klart språk for å legge til rette for gode diskusjonar om behov, moglegeiter, utfordringar og prioriteringar. Aktiviteten kan også hjelpe til å bli einige om kva de skal lage i fellesskap, og kva som bør vere neste steg i prosessen.

    Her er eit utval spørsmål som kan stimulere til nyttige diskusjonar:

    • Kven er den viktigaste målgruppa for tenesta?
    • Kva for nokre potensielle brukarar er ikkje ein del av målgruppa?
    • Kva er oppgåvene brukarane trenger hjelp til?
    • Kva for nokre situasjonar, tema eller utfordringar er utanføre oppdraget?
    • Kva treng verksemda frå brukarane?
    • Kva er samanhengen mellom dei ulike tenestene som brukarane møter?

    3. Lag skisser med ekte tekst

    Det er diverre nokså vanleg å ta i bruk såkalla lorem ipsum-tekst (fylltekst) i designskisser for å vise kvar tekstane skal stå, utan å tenke konkret på kva innhaldet i boksane skal vere. Ved å designe skisser med ekte tekst (i klart språk, så klart!) vert det lettare å utforske og styrke samspelet mellom innhaldet i teksten og dei andre elementa på siden.

    Ekte tekst i designskisser gjer også at det vert lettare å diskutere og brukarteste skissene på eit tidleg tidspunkt.

    Det blir mykje enklare å designe med ekte tekst.

    Slik gjer du det:

    Designar og tekstforfattar arbeider i same verktøy, i dei same skissene. Arbeid parallelt med tekst og design, og del tankar og idéar med kvarandre regelmessig.

    Samarbeidet er eit godt utgangspunkt for å diskutere korleis eit samspel mellom tekst og design kan hjelpe brukaren til å løyse oppgåva si.