Klart språk for betre brukarinvolvering
Det er viktig å brukarteste skissene tidleg, ofte og med varierte metodar. Klart språk som del av prosessen gir ekstra støtte til å inkludere og involvere brukarane.
For å få til gode brukartestar er det lurt å designe med ekte tekst i staden for fylltekst (lorem ipsum-tekst). Då er det viktigare å revidere undervegs enn å bli for oppteken av at tekstane skal vere perfekte før første brukartest.
Her finn du fire aktivitetar som hjelper deg til å inkludere brukarane i prosessen.
1. Tusjtest
Bruk ein enkel tusjtest for å teste tekstane dine. Tusjtesten hjelper til å avdekke kva for nokre ord og uttrykk som forvirrar brukarane, og kvar du bør sjå ekstra nøye på språket i tenesta. Testen gir ikkje konkrete forslag til revidering av tekst, men gir viktig innsikt i kvar brukarane ramlar av undervegs.
Slik gjer du det:
Testpersonane får utdelt eit ark med teksten saman med ein grøn og ein raud tusj, og oppdraget deira er å markere forståeleg tekst i grønt og vanskeleg eller forvirrande tekst i raudt.
Dersom du berre vil teste teksten, og ikkje designet, kan du flytte teksten ut frå designskissene over i et enkelt tekstdokument. Bruk skriftstorleik 16, slik at teksten vert lett å lese, også for tilfeldig forbipasserande på gata.
2. Brukartest av designskisser
Brukartesting gir innsikt i korleis språket gjer tenesta forståeleg og oversiktleg. Innspel frå brukarane er sentralt for å sikre at val og prioriteringar stemmer med brukarane sine behov, og er tilpassa til situasjonen deira.
Å få inn ein tekstforfattar i prosjektet ga meg meir tryggheit og hjalp meg å halde riktig retning på arbeidet.
Slik gjer du det:
Gjennomfør brukartest på vanleg måte. Ein testperson som er i målgruppa, får sjå, teste og utforske skissene, anten digitalt eller på papir. Testpersonen får som oftast oppgåver eller instruksjonar (formulert med klart språk), og vert oppmoda om å dele tankane sine om kva hen ser og kan gjere i tenesta.
Tekstforfattar eller innhaldsdesignar har eit særleg ansvar for å observere om språket i tenesta fungerer for brukaren og om tekstane spelar på lag med designet. Hugs å dokumentere observasjonane undervegs.
3. Bruk grep frå historieforteljing
Grep frå historieforteljing viser verdien, relevansen og heilskapen i tenesta. Historier er også lettare å hugse og forstå, og kan bidra til å gjere tenestene meir tilgjengelege.
Slik gjer du det:
Der det passar med eit avsnitt eller to, kan du bruke tre små ord for å strukturere korte og gode historier: og, men, derfor. Dei tre orda bind saman kontekst, kontrast og konsekvens, og gir driv og retning til teksten.
4. Still gode spørsmål om skissene
Gode diskusjonar kan minne prosjektgruppa om brukarane sine perspektiv og avdekke uklarheiter og behov for vidare testing og innsikt.
Vi fikk hjelp og utfyllande kompetanse til ei oppgåve vi ofte er aleine med.
Slik gjer du det:
Samle gruppa til diskusjon, og ta utgangspunkt i nokre av desse spørsmåla:
- Treng brukaren informasjon eller rettleiing til å utføre ei handling?
- Skal brukaren ta avgjerdsler basert på tenesta?
- Er all teksten relevant for alle brukarane?
- Korleis skal brukarane sleppe å google det dei lurar på?
- Kva for nokre delar av teksten kan flyttast til hjelpetekstar?
- Kan ein tekst erstattast av eit grafisk element, eller motsett?
- Kva skjer om strukturen på tenesta heng betre saman med brukarane sine behov og forventingar?
- Kvifor fortel vi brukarane akkurat dette, akkurat no? Kan det vente?