Hopp til hovedinnhold
Emner:
  • Klart språk
Tid:
fredag 27. oktober kl. 11:00–12:00, 2023
Sted:
Digitalt

I samband med den internasjonale klarspråkdagen 13. oktober, blir det arrangert eit nettnettseminar med fem gode døme på praktisk klarspråksarbeid. Fellesnemnaren for dei fem døma er at dei handlar om samarbeid og språkforbetring.

Miljødirektoratet vann klarspråksprisen for staten 2022, og juryen trekte fram det tverrfaglege samarbeidet mellom juristar, arkivarar og kommunikasjonsarbeidarar som avgjerande for dei gode resultata. Statens pensjonskasse har tatt i bruk ein metode for å spara tid når dei skriv tekstar saman på tvers av fagområde. På seminaret får vi veta meir om korleis skribentar i dei to etatane arbeider med tekst.

I skatteetaten er det over 7000 tilsette. Korleis kan alle desse få til den same stilen når dei skriv på vegner av arbeidsgjevaren? Bli inspirert av det arbeidet skatteetaten har gjort for å få alle tilsette til ikkje berre å gjera seg kjende med, men faktisk ta i bruk rettleiaren for stil og tone!

Ein kommuneadministrasjon må skrive tekstar i mange ulike sjangrar. Vi får høyre korleis Bergen kommune arbeider med tekstar til innbyggjarane, og korleis Nordre Follo kommune involverer politikarane når dei skal skrive saksframlegg.

Program

  • Korleis skrive godt saman? ved Guri Sandvik, Miljødirektoratet
  • Frå kaotisk korrektur til smidig samskriving ved Hilde Holte Eriksen, Statens pensjonskasse
  • Éin etat med éi stemme ved Iselin Hangaas Brenna, skatteetaten
  • Slik jobbar vi saman med politikarane om klart språk i saksframlegg ved Frøydis Osa, Nordre Follo kommune
  • Fann du det du leitte etter? Om tilbakemeldingar frå innbyggjarane ved Ann-Kristin Loodtz, Bergen kommune