Hopp til hovedinnhold
Emner:
Tid:
torsdag 17. juni kl. 10:00–11:00, 2021
Sted:
Webinar

I ei sandkasse kan du eksperimentere, prøve og feile i trygge former. Har du ein idé til nye måtar å ta vare på viktig dokumentasjon og gi innsyn offentleg forvaltning? Bli med på informasjonsmøte om korleis du og din arbeidsplass kan teste ut nye arbeidsmåtar og system i ei "regulatorisk sandkasse"!

No kan verksemda di søka om å delta i regulatorisk sandkasse for arkiv og offentlighet. Søknadsfrist er 15. august

Arkivverket og Digitaliseringsdirektoratet arrangerer eit digitalt informasjonsmøte torsdag 17. juni kl. 10.00-11.00 der interesserte kan stilla spørsmål. I møtet gir vi òg ein kort presentasjon av sandkassa og søknadsprosessen.

Medan vi ventar på den nye arkivlova skal vi bruka den regulatoriske sandkassa til å utforska nye tilnærmingar for morgendagens løysingar. Kan de ha nytte av tett dialog med Arkivverket og Digitaliseringsdirektoratet for å finna gode juridiske og tekniske løysingar? Har de støytt på utfordringar i dagens arkivregelverk og eller standard?

Er de ein kommune, offentleg etat eller bedrift som har ein idé til eit prosjekt der de tenker nytt om korleis ein kan ta vare på dokumentasjon? Har de problemstillingar knytt til korleis vareta krava i offentleglova?

Vel møtt til informasjonsmøte!