Hopp til hovudinnhald

Det er alltid nokon som prøver å svindle andre på nett, med e-post, tekstmeldingar eller over telefon. Det viktigaste rådet for å unngå svindel er at du aldri må oppgi passord, kodar og annan hemmeleg informasjon, ikkje eingong til politiet eller banken.

Kvinne som ser bekymrapå mobiltelefonen og med eit kredittkort i handa
Er du utsett for svindel eller ID-tjuveri, bør du kontakte politiet, banken og forsikringsselskapet ditt.
Foto: Colourbox

Er du blitt oppringt frå eit nummer som ser ut som det kjem frå vår Brukarstøtte (800 30 300) om at nokon har tatt opp lån i ditt namn? Eller er du bedt om å oppgi personleg informasjon som passord eller bankinformasjon? Det er svindel.

Digdir vil aldri be om slik informasjon. Om du er usikker på kven som har ringt, ta kontakt med oss på Brukarstøtten ved å ringe oss opp på vårt nummer 800 30 300.

Svindlarane finn stadig nye, og meir utspekulerte metodar å svindle på. Det er naturleg å bli usikker på kva som er ekte og ikkje.

Dette er vanlege svindelmetodar

  • Misbruk av telefonnummer (spoofing): Det ser ut som svindlaren ringer frå vår Brukarstøtte, frå politiet eller f.eks. banken, altså nokon du vanlegvis stolar på. Målet er å få deg til å gi frå deg privat informasjon som passord, kodar og personopplysningar.
  • Lenker i e-post eller sms (phishing): Svindlaren sender deg ei lenke som ser ut som den kjem frå ei verksemd du stolar på. Dei gjer det for å «fiske» etter informasjon. Målet er å få deg til å klikke på lenka og legge igjen personopplysningar, passord og liknande. Ver kritisk. Ei lenke som fører deg til ei innlogging eller ein nettbutikk kan vere ei falsk side sjølv om sida ser ekte ut. Søk heller opp verksemda først dersom du vil logge deg inn eller besøke ein nettbutikk, bank eller offentleg etat.
  • Svindel på internett og sosiale medier: Ver på vakt når du kjem over nettbutikkar med uvanleg gode tilbod. Før du handlar på ei nettside du ikkje kjenner til frå før, er det difor lurt å gjere eit søk på internett for å sjekke andre sine erfaringar. Og hugs at svindelforsøk også skjer på nettstader for bruktmarked.

Tips og råd mot svindel: Stopp, tenk, sjekk!

  • Vern om passorda og kodane dine. Ikkje del BankID, passord, eller sensitive personopplysningar, dette gjeld uansett kven som spør.
  • Ver kritisk til å klikke på lenker du får på e-post og SMS. Søk heller opp nettstaden enn å bruke lenka.
  • Mistanke om at du er i ferd med å bli utsett for telefonsvindel? Spør etter namnet på den som kontaktar deg og avslutt samtalen. Ta kontakt via verksemda sine offisielle kanalar. Svindlarar som tek kontakt utgir seg ofte for å vere frå banken din eller politiet, og kan forfalske telefonnummer, e-postadresser og SMS.
  • Ver kritisk ovanfor folk som bruker kjærleiksforhold, investeringar og pengar for å komme i kontakt med deg. Er noko for godt til å være sant, så er det vanlegvis det, og det kan vere svindel.
  • Du bør kontakte politiet, banken og forsikringsselskapet ditt dersom du er utsett for svindel.

Kontakt

  • Pressetelefon: 400 33 199 (tek ikkje imot SMS).
    E-post: presse@digdir.no
  • Brukarstøtte: brukerstotte@digdir.no (NB! Ikkje send sensitive opplysningar om deg sjølvog din elektroniske ID på e-post).
    Telefonnummer: (+47) 800 30 300
    Chat: Finn du denne sida