Hopp til hovudinnhald

I 2022 passerer vi for første gong to millionar elektroniske signeringar av dokument gjennom eSignering på eitt år. Ei verksemd som har tatt i bruk løysinga i stor stil er Direktoratet for byggkvalitet. Stikkordet er byggesøknader.

Kari Befring Bjørnstad
Direktoratet for byggkvalitet kopla seg opp mot eSignering på rekordtid. Avdelingsdirektør Kari Befring Bjørnstad seier at integrasjonen mot DiBK sine eigne tenester gjekk uproblematisk.
Foto: DiBK

Vi er veldig fornøgde med å ha tatt i bruk multisignering av erklæringar. Det gjer ein prosess som tidlegare var manuell og tidkrevande, mykje enklare.

Fordelane med digitalisering er at mykje blir enklare, tryggare, meir tilgjengeleg og billigare enn før. I tillegg går det mykje raskare.

Direktoratet for byggkvalitet (DiBK) har gjort ein kjempejobb med digitalisering av byggesøknader og andre dokument knytt til byggesaker og er i dag ein av dei største brukarane av løysinga. Eit eksempel er at ansvarlege foretak signerer erklæringar digitalt med eSignering.

Enklare og meir effektivt

I behandlinga av byggesøknader er det stort behov for signering frå ulike ansvarlege foretak, og bruk av eSignering har forenkla og effektivisert denne prosessen. Tidlegare måtte den som skulle søke om byggeløyve fylle ut ein blankett som vart sendt til det ansvarlege foretaket. Foretaket måtte fylle ut resten, signere og returnere blanketten med vedlegg manuelt. Ved hjelp av Fellestjenester BYGG og eSignering kan utfylling og signering skje digitalt. Det sparer tid for alle involverte.

Den digitale regelverksplattforma Fellestjenester BYGG til Direktoratet for byggkvalitet gjer det mogleg å kontrollere og sende inn byggesøknader til rett kommune. Fellestjenester BYGG bruker fleire fellesløysingar i kombinasjon med eigne tenester for å få ein god og saumløs flyt for brukarane.

- Vi ser stor verdi av bruken av fellesløysingar og bruker både Digdir, Kartverket og KS sine løysingar, seier Kari Befring Bjørnstad, avdelingsdirektør i DiBK.

Nyttar multisignering

I eSignering er det ein relativt ny funksjonalitet i eSignering som DiBK har tatt i bruk. Med multisignering kan brukaren signere fleire dokument samtidig med éin signatur. Det er også støtte i tenesta for at fleire personar kan signere på same dokument eller dokumentpakke, og i bestemt rekkefølge for dei som ønsker det.

Integrasjonen av eSignering mot Fellestjenester BYGG gjekk uproblematisk.

- Vi er veldig fornøgde med å ha tatt i bruk multisignering av erklæringar. Det gjer ein prosess som tidlegare var manuell og tidkrevande, mykje enklare. Vi hadde eit stramt tidsløp. Difor var det viktig at tilkoblinga til eSignering var enkel og rask, seier Befring Bjørnstad.

Avsendarar i eSignering: Kommunar 64%, stat 27%, private 6%, fylkeskommunar 3%
Både bruk og antal avsendarar har meir enn dobla seg sidan 2019. Diagrammet viser kva for delar av forvaltninga som nyttar eSignering i dag (private avsendarar i denne samanhengen er verksemder som sender ut dokument for signering på vegne av det offentlege).
Grafikk: Digdir

Kraftig vekst sidan 2016

Elektronisk signering av dokument gjennom eSignering har hatt kraftig vekst sidan oppstarten i 2016. Løysinga blir nytta for eksempel til signering av lånekontraktar, erklæringar i byggesaker, dommar frå rettsvesenet, arbeidsavtalar, samtykkeskjema, farskapserklæring, vitnemål og tinglysing.

Per november 2022 nyttar i alt 470 store og små verksemder, kommunar og etatar fellesløysinga eSignering. Både bruk og antal avsendarar har meir enn dobla seg sidan 2019.

Den nye funksjonaliteten som legg til rette for multisignering gjer at bruksområda for verksemdene som nyttar løysinga blir enda fleire.

Demonstrasjon av multisignering av dokument via eSignering

Dette er eSignering

  • eSignering er ei nasjonal fellesløysing frå Digdir.
  • eSignering gir effektiv og enkel elektronisk signatur av dokument som krev signering frå innbyggaren. Løysinga gjer at verksemdene kan motta signerte dokument digitalt på ein sikker, brukarvennleg og effektiv måte.
  • Den digitale prosessen gjer at verksemder slepp manuell handtering ved utlevering og innhenting av dokument som skal signerast.
  • Med eSignering vert sjølve signeringa gjort med ein eID.
  • Eit signert dokument kan ikkje endrast i etterkant. Etter at innbyggaren har fullført signeringsprosessen, kan dokumentet arkiverast i sak- og arkivsystem.
  • Tenesta støttar både enkeltsignatur og multisignatur av signeringsoppdrag.

Kontakt

Sindre Børsheim Ramung

Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: 97682499

Are Kvistad

Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: 47807910