Om Digitaliseringsprisen
Årets viktigaste digitaliseringspris blir delt ut på Digitaliseringskonferansen i Oslo 31. mai 2023.

Det ligg ei klar forventning frå regjeringa om at offentleg forvalting skal utnytte moglegheitene som digitalisering gir for å lage gode tenester for brukarane og samtidig effektivisere forvaltinga.
På Digitaliseringskonferansen vil dei som har lukkast best med å møte desse forventningane få prisen for sitt arbeid. Digitaliseringsprisen går til ei eller fleire verksemder som har utmerka seg med gode digitaliseringsprosjekt.
Vinnaren blir stemt fram av deltakarane på Digitaliseringskonferansen, og overrekkinga av prisen vil skje under festmiddagen på The Hub i Oslo sentrum 31. mai.
Fristen for å foreslå kandidatar til prisen gjekk ut 17. mars.
Kriteria som blir lagt til grunn:
- Bidrar til å realisere regjeringas digitaliseringsstrategi
- Ei samarbeidsløysing der ei eller fleire offentlege verksemder er tenesteeigar(ar), og utviklinga må gjerne vere resultat av samspel mellom offentlege og private aktørar
- Kan vise til nyskaping, innovasjon, verdiskaping og berekraft
- Brukarorientert og bidrar til ein enklare digital kvardag
- Deler og bruker data på ein god måte
- God bruk av nasjonale fellesløysingar
- Kan vise til klare gevinstar og/eller eit høgt gevinstpotensial
Juryen 2023
Ein jury leia av Digitaliseringsdirektoratet valde ut tre finalekandidatar som vart presentert på konferansen. Sjølve kåringa vart gjort av deltakarane på Digitaliseringskonferansen ved ei digital avstemming.

Liv Dingsør

Ingvild Berlin Kalleberg

Øystein Eriksen Søreide

Øyvind Husby

Kristin Weidemann Wieland

Olav Skarsbø
Tidlegare vinnarar
- 2022: TISK IKT-samarbeidet under pandemien
- 2021: Folkehelseinstituttet: MSIS labdatabase
- 2019: NAVs nye netteneste for foreldrepengar
- 2018: DSOP-samarbeidet: Samtykkebasert lånesøknad
- 2017: NAV med Digital sykefråværsoppfølging
- 2016: Deichmanske bibliotek Tøyen
- 2015: A-ordninga til NAV, Skatteetaten og SSB